Lokal | 24. mai 2016

Reagerer kraftig på kommunelegen

Eigar av Solsiden, Tore Andre Sagstad, reagerer på manglande kommunikasjon frå kommunelege Jon Vangdal Aamaas i samband med pålegg om støymålingar ved uteplassen.

Reagerer kraftig på kommunelegen
Kommuneoverlege Jon Vangdal Aamaas står på kravet om at Solsiden må støymåla (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 24. mai 2016 19:21

I eit brev, datert 13. mai, gir kommunelegen Solsiden fem veker på å gjennomføre støymålingane han tidlegare har pålagt dei, og som han har fått medhald i frå fylkesmannen. Om dei ikkje gjer det innan fristen vil Solsiden bli stengd med umiddelbar verknad.

– Dei har hatt god tid på seg til å gjera dei naudsynte målingane sidan det første vedtaket blei stadfesta av fylkesmannen, seier Aamaas.

Solsiden: Meiner tidlegare målingar er gyldige

Tore Andre Sagstad meiner at kommunelegen burde ha akseptert dei målingane som blei gjennomført av huseigar i 2013.

– I samband med klagesaken som kom opp stadfesta både Multiconsult og Sweco at dei er gjennomført på rett måte. Denne dokumentasjonen har vi lagt fram for kommunen.

– Eg kan ikkje gjera anna enn å forhalde meg til det fagfolka seier, kommenterer Sagstad, som ikkje er samd i påstandane om at målingane i 2013 er blitt gjennomført på feil grunnlag.

– Lydanlegget er det same som i 2013. Høgtalarane heng på akkurat dei same plassane som den gong da. Einaste forskjellen er at pianoet er flytta 1,5 meter, men det er berre eit skall for keyboardet som er kobla til lydanlegget. Det er difor inga skilnad på den gang då og no. Heller ikkje når det gjeld kundane våre er det store endringar frå 2013 til i dag. Vi har pluss/minus same antal kunder, forklarar Sagstad.

Kommuneoverlegen: Har endra seg

Kommuneoverlegen er uenig med Sagstad, og meiner at ting har endra seg i løpet av desse åra.

«Lydtrykket har i etterkant av lydmålingane aukt betrakteleg i følgje klagar. Bebuarane har forsøkt dialog i forhold til bedring av støy over lengre tid men meiner støyen berre har blitt forverra.», heiter det i vedtaket om stenging.

Til Midtsiden understrekar Aamaas at bevisbyrden ligg hos den som er årsaka til støyen, ikkje hos klagar.

– Støymålinga frå 2013 er ikkje bra nok. Først og fremst fordi klagar meiner at den er meir belastande no enn før. I tillegg er den ikkje utført etter norsk standard for industristøy. Målingane som blei gjort i 2013 meiner eg er meir rettleiande, forklarar kommuneoverlegen.

– Har ikkje svart oss

Sagstad fortel at dei er i ferd med å klage på vedtaket og at han reagerer på korleis kommuneoverlegen har opptrådd i saka.

– Eg er oppgitt over måten kommuneoverlegen har valgt å jobba med denne saken. Det har ikkje mangla på forsøk frå vår side på å få til eit møte med han. Heilt sidan april 2014 har vi freista det, men han har ikkje svart på dei utallige skriftlege henvendelsane vi har gjort.

– Det burde vore mogleg å få til ein dialog. Han har jo med all tydelegheit hatt løpande kontakt med bebuarene. 28. april i år, sendte han dei til og med ei orientering om kva som kom til å stå i pålegget, men vi høyrde ingenting før 13. mai.

– Det viser ingen vilje eller interesse frå kommuneoverlegen si side i å forsøke å få til ein god dialog og løysing med oss. Kor skal vi henvende oss då?

– Eg har inga tiltro til at han klarar å behandle dette på ein nøytral og sakleg måte, seier Sagstad.

– I tråd med regelverket

Aamaas er ikkje einig med Sagstad.

– Det har vore ein god del kommunikasjonen, men faktumet er at eg krev ei støymåling etter folkehelselova. Eg har ikkje latt meg snakka bort frå det. Dette er ein heilt normal sak når det er mistanke om støy. Bevisbyrden ligg hos støykilden og fylkesmannen har stadfesta at kravet er lovleg.

– Når det gjeld sakshandsaminga, så er regelverket slik at det blir litt byråkratisk, men eg vil påstå at den har blitt gjort i tråd med dette. At det kan oppleves som mangel på god dialog kan så vera, men faktumet er altså at eg krev ei støymåling.

– Om ein er ueinig i det kravet, så kan det fort bli eit visst konfliktnivå ut av det, konstanterer Aamaas.

Gjev seg ikkje

Sagstad vil ikkje gje seg med det første.

– No vil vi klaga på vedtaket. Vi kjem til å slåss med nebb og klør, men vi skal gjera det på ein sakleg og ryddig måte.

– Vi kjem til å fortsette som før, og satser på at Os kommune tek tak i saken og løfter den opp til der den høyrer heime. Vi har planer både for bryggedansen, Osfest og ikkje minst Dragebåtfestivalen kor det allereie er 10 lag påmeldt, avslutter Sagstad.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.