Lokal | 23. juni 2017

Reagerer på manglande Fusa-vedtak

Kommunesamanslåinga • – Ein skal representere begge kommunane i fellesnemnda. Ikke berre Os eller berre Fusa, poengterte formannskapet fredag.

Reagerer på manglande Fusa-vedtak
Formannskapet diskuterte fredag kommunesamanslåinga (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 23. juni 2017 12:12

Tysdag oppnemde Os sine representantar til fellesnemnda for Os og Fusa. I formannskapet fredag orienterte ordførar Marie Bruarøy (H) om at kommunestyret i Fusa kommune ikkje hadde klart å koma til enigheit om oppnemning av representantar til fellesnemda.

– Dei hadde kommunestyremøte i går kor dei skulle velgje inn representantar til fellesnemnda og diskutera mandatet. Dei hadde lange diskusjonar, men kom ikkje i mål. Dei har difor utsatt sakene til eit nytt kommunestyremøte 16. august.

– Eller ser det ikkje mykje nytt å melde. Styringsgruppa hadde møte onsdag, der står det litt og strides om punkt 12 i mandatforslaget om konsensus og leiaren si dobbeltstemme, forklarte ordføraren.

– I kor stor grad ser styringsgruppa for seg å involvera fellesnemnda sine representantar i arbeidet, undra Nils-Anders Nøttseter (MDG).

– Det er ikkje planlagt møter før fellesnemnda blir satt saman 24. august. Hadde Fusa vedtatt sine representantar i går, så kunne vi starta eit stykkje arbeid, men framleis er vi på styringsgruppenivå. Vi kom ikkje kjempelangt forrige dagen.

– Vi hadde jo mandatet oppe i forrige formannskapsmøte. Vi meiner vi har formulert eit punkt som er raust overfor Fusa, kor intensjonsavtalen skal ligga til grunn for arbeidet i fellesnemnda, at vi er like partar og at ein skal jobba for å komma til enigheit. Om ein ikkje klarar det, så foreslo vi at sakar som kan vente til det nye kommunestyret er konstituert utset vi, medan saker som det må takast avgjerd i blir avgjort med allminneleg fleirtal, svara Bruarøy.

Vetorett?

Jon Sivert Rykkel (V) lurte på om ein var kome lenger i høve diskusjonane omkring konsensus.

– Det er jo eigentleg to ting som slår kvarandre i hjelp. Om ein oppnår konsensus, så treng ein ikkje dobbeltstemma.

– Vi hadde eit forslag om å stryka konsensusordet og i staden nytta enigheit. Eg trur ikkje vi kan klara å oppnå 10-0 i alle saker, men eit allminneleg fleirtal vil ein kunne oppnå, kommenterte Helge Steinum (Ap), som òg sit i styringsgruppa for kommunesamanslåinga.

– Om vi ikkje klarer å komma til enigheit, så er det lova som gjeld. Det er eit dårlegare utgangspunkt for alle. Om den eine og aleine skal gjelde, så vil den vera meir bastant på fleirtalsvedtak, supplerte Bruarøy.

– Det kan ikkje vera slik at eitt enkelt medlem i fellesnemnda skal få vetorett. Vi kan komma i situasjoner kor ni av medlemmane ønskjer å ta ei avgjerd. Då kan vi ikkje, i ein så viktig prosess som dette, ha at eitt medlem stoppar det. Det er kjempeproblematisk, meinte Eirik Andre Hesthamar (Frp).

Ein kommune, ikkje to

Marie Bruarøy meinte det er urovekkande om medlemane går inn i fellesnemnda som representantar for si kommune.

– Heile poenget er at når vi trår inn i fellesnemnda så er vi representantar for den nye kommunen. At ein legg opp til at det skal bli Os mot Fusa er urovekkande. Samstundes så kan ikkje mandatet binda oss opp i høve vår politiske ideologi. Vi må få lov til å markere oss med dei politiske skillelinene. Til dømes at vi på den blå sida er for konkurranseutsetting, medan arbeiderpartiet vil ha alt i kommunal regi.

– Eg synes forslagt vi har kome med er raust, når vi seier at vi forpliktar oss til å forsøke å oppnå enigheit i alle saker.

Skaper politikerforakt

Gustav Bahus (Frp) støtta ordføraren i dette.

– Diskusjonen er spesiell i aller høgste grad. Den bidrar til at folk som ser den utanfrå rister på hovudet. Eg vil nesten gå så langt å seie at den bidrar til politikerforakt.

– Det viktigste i denne saken er at fellesnemnda skal representere ei kommune som enno ikkje er lagt. Ferdig arbeid. Eg sit ikkje her for dei som bur på Kuven, eg sit her for osingane. Når eg kjem inn i fellesnemnda, så representerer eg Bjørnafjorden kommune. Om det kjem opp ein sak om noko i Lysefjorden eller Hålandsdalen, så vil det vera vår plikt å meine noko om det, poengterte Bahus.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.