Lokal | 26. okt. 2016

Reagerte då nokon romsterte i bosset

Politiet rykte ut då to framande personar blei observerte mens dei rota i bosspannet til ein bustad i Kuvågen.

Reagerte då nokon romsterte i bosset
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 26. okt. 2016 07:38

I 2014 og 2015 var det fleire tilfelle av tjuveri av post i ulike nabolag i Os. I går såg det ut som om nokon finn andre sitt søppel interessant.

Klokka 23 tysdag kveld fekk politiet melding om mistenkeleg aktivitet i Kuvågvegen.

– Innringar fortalte at to framande personar romsterte i eit bosspann, fortel NK operatør Jan Tore Heggholmen i Vest politidistrikt.

Ein patrulje rykte ut, men møtte ingen som passa skildringa av dei to.

– Det skal vera mistanke om at det er to austeuropearar. Vedkomande frykta at dette var ein form for rekognisering, fortel politiet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.