Sport | 18. juli 2014

Redd Barna Cup også i år

Vil du samla vennegjengen og spela fotball eller volleyball? Laurdag 30. august blir ein fargerik dag i Øyane.

Redd Barna Cup også i år
Kler du deg ut har du ekstra stor sjanse til å vinna premie i Øyane laurdag 30. august. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 18. juli 2014 06:59

Bildeserie:

Det er konkurranse i både volleyball og fotball. (Foto: KVB)
Det er konkurranse i både volleyball og fotball. (Foto: KVB)
Ungar i barneskulealder og vaksne frå 15 år kan delta. (Foto: KVB)
Ungar i barneskulealder og vaksne frå 15 år kan delta. (Foto: KVB)
Antrekket bestemmer du sjølv. (Foto: KVB)
Antrekket bestemmer du sjølv. (Foto: KVB)
1 av 3
Det er konkurranse i både volleyball og fotball. (Foto: KVB)
Ungar i barneskulealder og vaksne frå 15 år kan delta. (Foto: KVB)
Antrekket bestemmer du sjølv. (Foto: KVB)

I fjor starta Tommy Aasen (16), som i fleire år har hatt stor interesse for Redd Barna, ein fotballcup for å støtta organisasjonen.

Laurdag 16. juni blei ein folksam dag i Øyane, med speedbåtar frå Poker Run innom butikken, opning av ny utstilling på Vedholmen Galleri og fotballcup på idrettsplassen til Øyglimt.

Sjå bildeserie og video frå cupen i fjor.

– Det blir Redd Barna Cup i år òg, men vi har sett den opp etter sommarferien, laurdag 30. august er dagen, fortel Tommy Aasen.

Cupen i fjor hadde ungar og vaksne i full sving, frå amatørar til junior- og jentespelarar frå Os Turn.

Konkurranse og humor

– Eg er veldig glad for at så mange stilte, og at feire av dei kledde seg ut og lagde ekstra stemning både på kunstgraset og i sandvolleyballbanen.

Det er premiering også for mest kreative lag.

Cupen er for både ungar i barneskulealder, mix (12-14 år) og vaksne (frå 15 år og opp).

Du finn meir informasjon på heimesidene til Redd Barna Cup.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.