Lokal | 23. mars 2017

Redd vegmillionar forsvinn

Politikarane er redde for at 10-15 allereie løyvde millionar skal forsvinna frå FV 158 Lepsøyvegen og bli nytta andre plassar.

Redd vegmillionar forsvinn
Lepsøyvegen etter Storumsbakken er særs smal, og enno smalare har den blitt etter at støpekanten kom opp (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 23. mars 2017 12:59

Bildeserie:

Dette er eitt av strekka Hesthamar meiner ein bør utbetra (foto: AH)
Dette er eitt av strekka Hesthamar meiner ein bør utbetra (foto: AH)
Det same er svingane ved Mørkevågen (foto: AH)
Det same er svingane ved Mørkevågen (foto: AH)
1 av 2
Dette er eitt av strekka Hesthamar meiner ein bør utbetra (foto: AH)
Det same er svingane ved Mørkevågen (foto: AH)

I samband med at formannskapet skulle gje si uttale til den regionale transportplanen for Hordaland 2018-2029 hadde administrasjonen foreslått å setta opp ferdigstilling av heile strekninga på FV 158 Grindavoll - Lepsøy som prioritet nummer seks på lista.

Det gjorde at Eirik André Hesthamar (Frp) blei uroa for at dei midlane som allereie er løyvd, men ikkje nytta ville forsvinna (sjå fylkeskommunen sitt vedtak nederst i saka).

– Eg er uroa for at med ei slik prioriteringsrekkjefølgje så aksepterer vi å flytta vekk restbeløpet på eit prosjekt som ikkje er fullført. Det er opebare behov for punktutbetringar ut til Lepsøy. Eg vil ikkje at Statens Vegvesen og fylkeskommunen skal kunna bruka vårt vedtak som ein stilletiande aksept på å nytta pengane andre stader.

Får ikkje til Garvikasvingen

Ordførar Marie Bruarøy (H) utdjupa Hesthamar si uro.

– Vi hadde eit formøte med vegvesenet før jul der dei presenterte planane om fortau i Garvikasvingen. Det er vel og bra det, men det er ikkje den mest kritiske plassen. Det hadde vore meir hensiktsmessig å bruke midla eit par andre punkt på vegen. No har det vore nye møter mellom kommune og vegvesenet fordi dei ikkje får til å gjennomføra prosjektet då dei ikkje har ekspropriasjonsheimel til å gjera det. Difor ser vegvesenet og fylkeskommune etter andre prosjekt i kommunen, sjølv om det står spesifikt i vedtaket frå fylkeskommunen at dei løyva midla skal følgje FV 158 Grindavoll - Lepsøy.

– Det er ikkje tvil om at det er farleg på nokre delar av strekket. Vi må synleggjera at vi ikkje prioriterer dette ned. Eg foreslår difor eit tillegg kor vi seier at Os formannskap ber om at allereie budsjetterte midler på fylkesbudsjettet til Grindavoll - Lepsøy blir nytta til punktutbetring på vegstrekket og ikkje andre stader i kommunen.

Dette fekk tilslutning frå resten av formannskapet.

Fylkeskommunen sitt vedtak for budsjettet 2017:

«Fv. 158 Grindavoll – Lepsøy (Os kommune)

Tiltaket omfattar utbetring av eksisterande veg og bygging av gang- og sykkelveg. Strekninga frå Grindavoll til Lepsøy bru er om lag 3,5 km lang og kan byggjast ut stegvis.

I 2013 vart det løyvd totalt 71 mill. kr (2013-kr) og det vart avgjort at strekninga Grindavoll–Falkavegen skulle utbetrast. Resterande midlar skal nyttast til utbetringar på strekninga Blindasundet – Lepsøy bru. Det vert no prosjektert fortau i Garvika. Fylkesrådmannen set av 19,5 mill. kr i 2017 til å gjere arbeidet på Grindavoll – Falkavegen ferdig og bygge fortau i Garvika. I 2018 fører ein opp resterande sum på nær 10 mill. kr og kjem attende til kva strekning som skal prioriterast innanfor denne summen.»

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.