Lokal | 05. mars 2016

Redda etter tre dagar i toppen av ei furu

Hannkatten «Pompen» blei redda: Os brannvesen fekk testa liften sin i Sperrevika fredag ettermiddag.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 05. mars 2016 08:37

Bildeserie:

Katten i treet (foto: KVB)
Katten i treet (foto: KVB)
Brannsjef Stein Gjøsund ved liften (foto: KVB)
Brannsjef Stein Gjøsund ved liften (foto: KVB)
På veg til katten (foto: KVB)
På veg til katten (foto: KVB)
Framme hos pus (foto: KVB)
Framme hos pus (foto: KVB)
Redda :-) (foto: KVB)
Redda :-) (foto: KVB)
På veg trygt ned (foto: KVB)
På veg trygt ned (foto: KVB)
1 av 6
Katten i treet (foto: KVB)
Brannsjef Stein Gjøsund ved liften (foto: KVB)
På veg til katten (foto: KVB)
Framme hos pus (foto: KVB)
Redda :-) (foto: KVB)
På veg trygt ned (foto: KVB)

Fredag i 17-tida rykte Os brann- og redningsteneste ut på melding om katt i tre i Sperrevikvegen.

– Den første meldinga kom torsdag, då hadde katten vore i tretoppen i to dagar. Vi rykker normalt ikkje ut før det går tre dagar, kattar plar koma ned av seg sjølv berre dei blir svolten nok, seier brannsjef Stein Gjøsund.

Eigar sette fram kattemat og mjølk, men katten blei sitjande nok eit døgn. Gjøsund rykte ut med kattemat i kommandobilen for å gjera eit siste forsøk på å lokka han ned, men bestemte seg fort for å ringa etter backup.

Kollega Morten Moberg kom med liften, som blei levert til Os i juni i fjor og fekk testa strategien då katten klatra både ned og opp før han frå tretoppen hoppa inn i korga.

– Eg har vore med på å henta kattar ned frå tre før, men dette er første gong med den nye liften. Det er langt lettare å utføra redning på ein trygg måte når vi har denne typen verktøy, seier Moberg, som nøgd styrte korga ned igjen mens han heldt katten i armane.

Dyrelivet i Sperrevik: Denne hjorten har hatt ei tøff natt (video, hjort hang fast i tau)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.