Lokal | 16. nov. 2014

Redda frå fengsel av edru kamerat

Han hadde handjerna på og var klar for transport til Bergen. Men så blei det ei anna ordning.

Redda frå fengsel av edru kamerat
(Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 16. nov. 2014 08:27

I 2-tida natt til søndag fekk politiet melding om ein aggressiv mann utanfor ein av utestadane i Os sentrum.

– Då patruljen kom fram retta han sinnet sitt mot politiet. Det enda med at han blei påsett handjern og planen var å kjæra han til Bergen for overnatting i arresten, fortel politiførstebetjent Kenneth Rastad.

Men så kom ein edru ven av den hissige mannen, roa han ned og insisterte på å overta ansvaret for å få han heim.

Mannen, som er i 30-åra, fekk pålegg om å fjerna seg frå sentrum, noko han i samarbeid med kameraten etterkom. Han blir meldt for brot på paragraf 350 (uroa offentleg ro og orden), men slapp altså unna overnatting i fengsel.

På vandring i 80-sona

Politiet hadde, som natt til laurdag, få oppdrag i natt. Klokka 3 fekk dei melding om støy frå fest på ei adresse nord for Os sentrum.

– Det er eit gjentakande problem på denne adressa, men då patruljen kom fram var festen slutt.

I 4-tida fekk dei melding frå bilistar som var uroa for ein mann som spaserte på E39, i 80-sona på Moberg.

– Patruljen møtte mannen, som var på veg heim og ikkje hadde så langt igjen, så han spaserte vidare.

I løpet av natta blei to bilar avskilta av politiet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.