Dette var ein av dei enkle redningane: John Lepsøy viste gamle kunstar i målet for kjendislaget laurdag (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Redda kjendisane

Bildeserie: John Lepsøy (84!) viste gamle kunstar då han i full strekk, oppunder tverrliggeren, redda kjendislaget frå tap mot det nystarta gatelaget til Os fotball.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Andris Hamre

La oss ta den episoden først: Kjendislaget stilte med Brynjar «Veggen» Øvredal i mål i første omgang og superveteran og kretsmeister i ei rekkje idrettar, John Lepsøy, i andreomgangen.

Les òg: Dette er eit fotballag!

Os-trenar Hassan El Fakiri, som hadde meldt overgang til gatelaget før kampen, viste at han har vinnarvilje då stillinga var 4-4 og det berre var sekund att av kampen.

Hassan fyrer til frå om lag 10 meter, eit skot dei fleste rundt banen såg ville gå i mål, tett oppunder krysset. Men superveteranen på 84 år ville det annerleis. Med eit tigersprang låg John Lepsøy oppunder tverrliggaren og slo det harde skotet frå El Fakiri utanfor.

Tett og jamnt

Det blei både underhaldande og god fotball då kjendislaget med mellom anna Eirik Søfteland, Sverre Lunde Pedersen, Kjersti Tysse Plätzer og Arne Thuen møtte det nyoppretta gatelaget i Os Fotball med spelarar frå Livskvalitet på Vartun oppfølgingssenter.

Dei to laga sto godt til kvarandre og bau på saftige taklingar og fikse finter. Gatelaget tok føringa i kampen og leia 2-1 til pause, før dei gjekk opp i 3-1 i det som for Midtsiden, frå motsatt kortside, såg ut som eit sjølvmål frå Sverre Lunde Pedersen etter ein retur frå Lepsøy. Lunde Pedersen meiner sjølv han ikkje var borti ballen.

Men kjendisane ville ikkje gje seg. Sentrumsleiar William Lindborg, som òg spelar på Eikelandsosen, utligna til 3-3 før Hassan El Fakiri snappa eit utspel frå John Lepsøy og tok gatelaget igjen opp i føringa. Jon Sivert Rykkel, politikar og nestleiar i Osbadet ville ikkje tape på heimebane og utligna igjen, før El Fakiri fyrte av det tidlegare omtalte superskuddet som Lepsøy meisterleg redda.

– Vi vann 4-4

4-4 var nok eit resultat begge laga kunne vera nøgde med.

– Det må vi vera nøgd med. Vi vann 4-4, gliste Emil på gatelaget etter kampen.

Midtsiden kjem tilbake med video frå kampen.

Fleire saker

bilde-midtsiden

Nye Flesland

19. august 2017

Les om arkitekturen og kapasiteten - og se liste over de nye butikkene og restaurantene.

bilde-midtsiden

Frå Fana til Os

18. august 2017

Etter to sesongar i 2. divisjon har Skage Simonsen Lehland (19) blitt klar for Kuventræ.

bilde-midtsiden

Sommaren gjorde comeback!

18. august 2017

Fredag midt på dagen fekk vi ein forsmak på finvêret vi har i vente frå søndag og ut neste veke.

bilde-midtsiden

Framdrift på Lyssand

18. august 2017

Gatelys kan koma i oktober, men Hegglandsdalsvegen må utbetrast og flyttast før gangveg kan byggast.

bilde-midtsiden

– Vern om verdiane i hamna

18. august 2017

Natt til torsdag blei utstyr stole frå ein båt i Hatvik. – Dette er ei tid med høgare risiko for tjuveri, åtvarar politiet.