Lokal | 16. apr. 2014

Redda seglskute

Ein seglbåt i tre blei i dag slept inn i Os hamn.

Redda seglskute
Denne skuta blei slept inn til Os hamn onsdag. (Lesarbilde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 16. apr. 2014 13:28

I 14.20-tida i dag blei ei seglskute slept inn til Os hamn av ein ambulansebåt, truleg Rygervakt frå Austevoll.

– Ambulansebåten kjørte mot Strandvik og kom tilbake med seglbåten på slep, fortel ein Midtsiden-lesar.

Kvifor båt og mannskap trengte assistanse er uvisst.

Verken Os brannvesen eller politiet i Os kjenner til årsaka til redningsoppdraget.

Helse Bergen, som har har ansvar for ambulansebåten, vil ikkje ut med informasjon om oppdraget.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.