Tiril Grønvig sleppte berre inn 5 mål etter pause. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Redda sesongens første siger

Os låg under 7-13 til pause. Så stengde Tiril Grønvigh buret i ti minutt.

image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Os tok i kveld imot Stord til sesongens første heimekamp. Det blei ein thriller til siste sekund.

Heimelaget brukte, med unntak av 2-1 i 3. speleminutt, 50 minutt på å ta leiinga. Os låg under 4-9 og 5-11 før det sto 7-13 til pause.

– Det var ein tafatt førsteomgang, eg har ikkje sett teikn til liknande mangel på trøkk verken på trening eller i kamp tidlegare denne hausten, seier Os-trenar Trond Førde Eriksen.

– Men at dei går på banen i 2. omgang med tru på siger, når dei ligg under med 6 mål, det er ein god eigenskap.

10 minutt utan baklengsmål

Etter pause tok Os seg opp til 12-13 før Stord skåra sitt første etter kvilen. På vegen hadde Os to stolpeskot på rad, samtidig hadde keeper Grønvigh tre redningar på rad.

Så kom to skåringar på rad av Elise Hjelle, som blei toppskårar saman med Line Hjelle Berentsen (5 mål kvar). Bente Mjanger var stødig frå 7 meter og skåra 3 mål frå straffemerket.

– Vi var sterke i forsvar, i tillegg gjer Tiril ein fantastisk jobb i mål. Ho er god i førsteomgang òg, men då fekk vi ein del brot. I andre omgang slepp ho berre inn fem.

Keeperen blei kasta i lufta av medspelarane etter kamp.

– Eg justerte meg litt etter eg fann ut av den eine vingen. Då resten av jentene sto så godt i forsvar, og vi tok ut skyttaren deira, gjekk det fint. Det var ein skikkeleg lagsiger, seier Grønvigh etter kamp.

Thrilleravslutting

Os var ajour i 19. minutt og tok leiinga 17-16 i 20. minutt. Stord skifta keeper, duellane blei tøffare i begge endar av banen og laga slo følgje eit par mål til.

– Vi bør skåra meir om vi skal halda følgje denne sesongen. Samtidig hadde Stord gode keeperar, den eine redda 19, altså 50 prosent av skota på mål, seier Trond.

Line fekk det tøft med å skåra på tampen, men Elisa fiksa 19-18. Os vann ballen då Stord var i angrep i siste speleminutt, og 4 sekund før slutt var det timeout. Heimelaget gjorde ingen feil og tribunen og benken kunne pusta letta ut mens spelarane jubla.

– Eg hadde ambisjonar om å prøva fleire av dei nye, yngre spelarane våre i dag. Mange av dei kunne kome innpå og gjort ein god jobb, men når det er så tøft og jamt så blir det til at du bruker dei du kjenner best. Det er heller ikkje kjekt å koma innpå i ein sånn kamp om du er ny på laget, seier trenarteamet etter kamp.

Os - Stord 19-18 (7-13)
Os: Tiril Grønvigh, Elise Hjelle 5, Line Hjelle Berentsen 5, Bente Mjanger 3, Hilde Kristine Røttingen 3, Madeleine Hjertnes 2, Mia Torp Nielsen 1, Liv Pauline Lunde, Emilie Halhjem, Irmelin Lund, Thiet Dang og Marie Henriksen Håland.

Os speler også neste kamp på heimebane. Den går mot Fyllingen tysdag 17. oktober. Fyllingen, som spelte i 1. divisjon førre sesong, har starta sesongen med 2 sigrar og 1 tap.

Terminliste og tabell