Lokal | 24. mars 2015

Redningsvesten må på

Frå 1. mai held det ikkje berre å ha redningsvesten med i båten. Då må den også vera på.

Redningsvesten må på
Frå 1. mai må alle i båten, som her under Søre Øyane barneskule si maritime veke, ha på seg redningsutstyr når ein ferdast på sjøen (foto: KML)
Andris Hamretirsdag 24. mars 2015 13:02

Stortinget handsama tysdag framlegget om endring i småbåtloven (påbod om bruk av flyteutstyr i småbåtar).

Med knappast mogleg fleirtal, 85 mot 86 røyster sikra Rasmus Hansson i Miljøpartiet dei Grøne fleirtalet for at du frå no av må ha på deg flyteutstyr om du skal på sjøen.

Det var slett ikkje sikkert at det skulle bli fleirtal for endringa i lova. SV, H og Frp gjekk imot forslaget, medan Ap, V, Sv, Krf, Sp gjekk inn det. Dermed blei det Hansson si røyst som blei avgjeranda.

– Det har vore ei grundig debatt i partiet. Vi er omtrent delt på midten, men vél å lytta til dei klare råda frå Redningsselskapet og politiet, seier Hansson til NTB. Han skal sjølv ha tilhøyrd mindretalet i partiet.

Berre i fart

Påbodet gjeld fritidsbåtar mindre enn 8 meter og berre når båten er i fart.

Påbudet gjeld både for vaksne og born.

Ansvaret for å ha på flyteutstyr kvilar på den einskilde. For born under 15 år kvilar ansvaret på båtføraren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.