Næringsliv | 12. feb. 2017

Reinhardt stilte ut i heimbygda

– Det er første gong, og det har vore både kjekt og lønsamt, seier osingen som starta med import for 16 år sidan.

Reinhardt stilte ut i heimbygda
Etter 16 år med import stilte Reinhardt ut i Os for første gong. Det blei vellykka. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 12. feb. 2017 08:24

Reinhardt Østrem, som tidlegare eigde fleire utestadar i Os, har drive med import sidan 2001.

I 2011 opna han to butikkar i heimlandet, Home & Comfort i Haugesund og Åsane.

Seinare har det blitt flytting og nye butikkar, no har han Ecospa i Spelhaugen i Fyllingsdalen, med selskapet Yappion AS, som han eig saman med tre andre.

– Vi har massasjebad og massasjebord, men òg andre varer vi importerer, som fotballutstyr, fortel Østrem.

– For to veker sidan stilte vi ut på hyttemessa til Robert Nøss, som var veldig bra for oss, no tenkte eg vi skulle sjå korleis marknaden i Os er.

Selte bad til osingane

Fredag og laurdag sto Reinhardt med massasjebad utstilt på AMFI Os.

– Vi har 15-20 bad i utvalet, 5-6 av dei er lagervarer.

– Her var det stor interesse, spesielt på fredag. Då selte vi også eit bad.

Det var utstilt modell som blei bestilt, Iquespa Voss, som koster over 80.000. Til badet kan du òg få sitjeplass til 14 rundt karet, tilleggsutstyr til over 40.000 kroner.

– Om dette blir morsdagspresang veit eg ikkje, det skulle heim i ein hage, men det var ein og annan som nemnte morsdag då dei var innom.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.