Lokal | 19. juli 2016

Reiser på bølgedempar-møte i Estland

Os kommune ligg an til å slå til på eit av tilboda som kom inn i førre veke.

Reiser på bølgedempar-møte i Estland
Ein modell av den eine av komande fire bølgedemparar i testbasseng i Spania i vinter.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 19. juli 2016 13:28

Tysdag i førre veke gjekk anbodsrunden ut.

Les òg: Bølgedemping av Os hamn eitt steg vidare

I førre runde blei alle tilboda forkasta, i denne andrerunden var det ein retta runde direkte mot tre utanlandske firma.

– Kva seier marknaden, er det nokre av prisane som matchar summen kommunen har sett av til skjerming av hamna?

– Ja, sånn noko lunde. Dette er ikkje heile summen, vi skal ut med ein anbodsrunde på forankring over ferien, men tilboda vi fekk på sjølve bølgebrytarane er sopass at vi kan bestilla den planlagte eine av fire for testing i haust- og vinter.

– Om testen er vellykka og vi bestiller tre til, så vil vi nok, saman med forankring, koma noko over dei 23 millionane som er i budsjettet, seier prosjektleiar Tor Inge Døsen.

Opna berre eitt av tre tilbod

Alle tre tilboda kom inn i løpet av førre veke, men berre eitt kom innan fristen.

– Eg sa først at to tilbod kom innan fristen, men i ettertid viste det seg at det eine av desse to kom nokre timar etter at fristen gjekk ut.

Dermed er det berre eitt tilbod som er aktuelt å gå vidare. Kva dei andre to tilbydarane skulle ha for bølgedempinga veit ikkje Døsen.

– Eg ville ikkje opna dei, sidan dei ikkje er relevante.

Reiser til Estland i neste veke

Målet er å få den første bølgedemparen i bestilling innan 15. august. Då kan den bli montert utanfor Os hamn i november.

Sjølv om bølgedemparane skal fungera saman alle fire, er det berre éin som er testa i Spania og berre éin i fullskala som skal ligga åleine gjennom vinteren.

– Vi håper den får nokre skikkelege stormar frå søraust å bryna seg på, at vi ser kva den duger til.

Døsen har bestilt flybillett til Estland og reiser til Tallin i neste veke for å sikra seg at tilbydar har forstått oppgåva, som ein siste kvalitetssjekk av ein eventuell avtale før bestilling av første del.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.