Sport | 06. jan. 2016

Reiser til Flagstaff i dag

Ho har nådd alle måla ho har sett seg. No reiser ei spent Ariel Braathen til Flagstaff i USA for å førebu seg for det store målet: Å kvalifisera seg til OL i Rio i sommar.

Reiser til Flagstaff i dag
Ariel på Flesland før første del av turen til USA. Reisa til Oslo for å møte resten av landslaget (privat foto)
Andris Hamreonsdag 06. jan. 2016 07:23

Bildeserie:

Ariel er pakka og klar for tre veker i Flagstaff, Arizona i USA (privat foto)
Ariel er pakka og klar for tre veker i Flagstaff, Arizona i USA (privat foto)
1 av 1
Ariel er pakka og klar for tre veker i Flagstaff, Arizona i USA (privat foto)

Gjennom kanonsvømming under nordisk meisterskap i ADO-Arena før jul, kor ho satte ny norsk juniorrekord på 100 meter kvalifiserte Ariel Braathen seg til seniorlandslaget og tre vekers treningsopphald i Flagstaff, USA no i januar.

– Eg gler meg mykje. Eg har aldri vore i USA tidlegare, fortel Ariel på telefon på veg heim frå skulen for å pakke dei siste tinga i kofferten før turen gjekk til Flesland tysdag kveld og vidare frå Oslo til Flagstaff i Arizona onsdag.

– Blir nok ei sterk oppleving

Flagstaff er staden der Ariel sitt store idol Alexander Dale Oen døydde av hjartestans under ein treningsleir nettopp med det norske svømmelandslaget i april 2012.

– Til no har eg berre tenkt på at det var der han døydde. Eg kjende jo ikkje Alexander sjølv, men han har vore mitt store idol heilt sidan eg starta med svømminga.

– Dei to kompisane som fann Alexander den gongen er med på treningsleiren. Så vidt eg veit er det første gong dei er tilbake i Flagstaff etter at Alexander døydde, så det kjem nok til å bli sterkt å komma opp der saman med dei, seier Ariel ærleg.

Trening, men òg litt lekser

Den tre veker lange treningsleiren gjer naturleg nok at svømmetalentet frå Søfteland får eit lengre opphold frå Amalie Skram vidaregåande skule kor ho til dagleg er elev.

– Det blir ikkje skulefri, sjølv om eg er vekke. Eg tek berre tre fag i år for å få tid til satsinga, så eg har jo litt mindre skulearbeid å jobba med enn andre. Kontakten med lærarane mine held eg via It's Learning slik at eg får, og leverar inn, oppgåver undervegs, forklarar ho.

Veien til OL i Rio

Det å komma seg på seniorlandslaget og å få vera med på treningsleiren var eitt av måla Ariel satte seg som 14-åring sommaren 2013 då ho gjekk offensivt ut og sa at ho skulle til OL i Rio i 2016.

Ein tydeleg plan blei staka ut og ho ligg godt ann i høve til planen. No står «berre» det siste att, å kvalifisera seg.

– Korleis er vegen til OL. Kva stemner har du moglegheiten til å kvalifisera deg i?

– Det er jo på langbane det må skje. Det første er eitt i Luxenburg berre nokre få dager etter at vi kjem att frå Flagstaff. Neste sjanse er eit stemne i Stockholm litt seinare på vinteren. Symjer eg fort nok der, kan eg få ei ekstra sjanse under EM langbane i London i mai. EM-kravet er noko mildare enn OL-kravet.

– Siste sjans får eg i Bergen Swimfestival siste helga i mai.

Har trua

OL-distansane ho snakkar om er 100 og 200 meter bryst.

– A-kravet på 100 meter er 1.07 høy. Eg har ikkje svømd så mange langbanestemner i det siste, men nyttar eg ein omreikningstabell på tida mi under nordisk, så havna eg midt på 1.08-talet, så det er ikkje så mykje meir enn halvsekundet som skal til.

– Når det gjeld 200-meteren, så er A-kravet 2.27 høy. Eg har langbanetid på 2.32-og noko på den distansa, men det er ei gamal tid. Eg veit at eg har forbedra meg mykje på kortbane etter den tida, så gjenstår det å sjå kor mykje det utgjer på langbane.

– Avslutningsvis, kva er forskjellen å svømma langbane kontra kortbane?

– Det er lengre, ler Ariel i telefonen.

– Teknisk så er det jo fleire vendingar på kortbane. Det gjer at dei som er gode på vendingar og undervannstak gjerne òg er best på kortbane. På mange måtar må ein vera litt meir uthalden i langbane-bassenget. Sjølv trur eg at eg er mest ein langbanesvømmar, utdjupar ho.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.