Sport | 09. apr. 2016

Reiser tomhendt heim frå Lørenskog

Lysekloster tok leiinga i 2. divisjonsdebuten, men vertane snudde kampen.

Reiser tomhendt heim frå Lørenskog
Ståle skåra Lysekloster sitt historiske første mål i 2. divisjon i dag. (Foto: Odd Løvset, Hordalandsfotball.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 09. apr. 2016 15:53

Lysekloster spelte i dag sin første kamp i 2. divisjon. PostNord-debuten gjekk på bortebane mot Lørenskog, som kom på 9. plass på same nivå i fjor.

Rundt 10 Lysekloster-supportarar hade tatt turen for å sjå serieopninga. Dei utgjorde ifølgje Thomas Sandal nesten halve tribunen.

– Vi kan ikkje skulda på at publikum heia heimelaget sitt fram, men det er litt surt å reisa heim utan poeng i dag.

– Vi spelte bra og sto saman som eit lag heile vegen. Vi hadde ikkje så mange sjansar, men dei vi hadde var store, både på 0-0 og på 1-1.

Lørenskog - Lysekloster 2-1 (0-0)
Målskårar, Lysekloster: Ståle Steen Sæthre
Lysekloster: Chris Sunde Midtun - Ola Sjømæling, Denis Ljubovic, Gojko Ivkovic, Aleksander Andersen (Hans-Christian Nysæther 86.) - Espen Birkeland, Baste Jonassen, Joakim Hjelmeland (Sigve Rørstad 56.)- Tommy Gaustad, Ståle Steen Sæthre og Christer Olsen (Sindre Flaa 79.).
Gule kort, Lysekloster: Sjømæling, Gaustad og Ivkovic

0-1 kom etter raid av Espen Birkeland. Birkeland var òg åleine med keeper på stillinga 1-1.

– Det var ein stor prestasjon av Espen, forarbeidet på 0-1, seier Sandal.

– Vertane hadde ballen mest og skapte ein del, men vi fekk vist at vi har noko på dette nivået å gjera.

Neste seriekamp er heime mot Fana om ei veke. Men først ventar NM-runde mot Os på Kuventræ onsdag.

Fana spelte 1-1 heime mot Førde i dag, Fyllingsdalen spelte 1-1 borte mot Florø.

– Vi kan førebu oss på ein sesong med mange krigekampar, trur Sandal.

Terminliste og tabell

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.