Lokal | 19. nov. 2014

Reiste eins ærend til Oslo

E39 Svegatjørn - Rådal: Det er 53 år sidan planlegginga starta. Då det endelege vedtaket i går blei fatta sat det éin osing i salen.

Reiste eins ærend til Oslo
Arne Monsen framfor Stortinget i går, etter det historiske vedtaket om E39 Svegatjørn - Rådal. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 19. nov. 2014 13:24

Det har vore trafikkteljing og NTP, det har vore milepælar og det har vore augestikkarar, men dei siste åra har det stort sett gått på fram med E39 Svegatjørn-Rådal.

I går kom det siste på plass, bompengeproposisjonen blei vedtatt i Stortinget med 81 mot 4 stemmer klokka 14.35.

Les òg: Flagga til topps

Då saka kom opp som sak nummer 8 klokka 13:52 sat det ein osing i salen, Arne Monsen.

– No har vi jobba for denne vegen i så mange år, og venta så lenge, at dette ville eg ha med meg, seier Arne, som reiste eins ærend, åleine til Oslo, for å sjå vegen bli vedtatt.

Monsen er varabrannsjef i Os. Han reiste ikkje i brannvesenet sin regi, men som samfunnsengasjert privatperson og tidlegare lokalpolitikar.

– Eg sat i kommunestyret for Os Ap frå midten av 80-talet og to periodar. Den gong var det ikkje europaveg, men riksveg 14.

– Ei flott oppleving

Monsen angrar ikkje på turen.

– Saksførar Torill Eidsheim (H) var veldig dyktig. Også Helge André Njåstad (Frp) sa mykje fint frå talarstolen, synest Arne.

Njåstad takka blant anna partikollegaene Terje Søviknes og Gustav Bahus frå Os for innsatsen.

– Bra for fleire krinsar

Bortsett frå den store utbetringa av transportetappen mellom Os og Bergen, næringsområdet Lyseparken, og andre fordeler infrastrukturen tar med seg for folk og næringsliv, trekk Arne fram andre oppsider med den komande nye vegen.

– Eg gler meg på vegne av krinsen eg vaks opp i, Lysefjorden, som både får avlasta sin eigen veg og som no blir knytt tettare på Os sentrum.

– Og eg gler meg på vegne av andre krinsar, som Søfteland, som får ferjetrafikken og hovudåra til Bergen vekk frå eige nabolag, sa Arne til Midtsiden i går, før han gjekk åleine på kafé for å feira vedtaket med eit kakestykke.

I vedtaket er også førehandsinnkreving av bompengar, etter innspel frå Søviknes i februar i år, trekt ut. Det blir med andre ord ikkje kravd bompengar i byggeperdioden som først planlagt.

FAKTA
Lengde: 16.250 meter ny E39 (til saman 18 km ny hovudveg + 1.300 meter gang- og sykkelveg)
Tunnelar: Lyshorntunnelen (9 km) og Skogafjelltunnelen (1,4 km)
Byggestart: 2015
Planlagt opning: 2020
Pris: 6,2 milliardar kroner
Faktaside om prosjektet: vegvesen.no


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.