Kultur | 18. juni 2016

– Reker, vin og kos på Os

Bildeserie: Brygga utanfor Os Sjøfront og Statsraad Lehmkuhl blei laurdag fylt av feststemte osingar klare for rekebord og bryggedans.

– Reker, vin og kos på Os
Tommy Sulen og Tron Jensen i «Guttene» underhaldt med sjanti og allsong (Foto: KML).
Kari M. Lyssandlørdag 18. juni 2016 22:47

Bildeserie:

Bryggedans 2016. (Foto: KML)
Bryggedans 2016. (Foto: KML)
Bryggedans 2016. (Foto: KML)
Bryggedans 2016. (Foto: KML)
Dagny Von Krogh og Turid Eide til venstre fekk med seg både cruise frå Bergen og bryggedans. (Foto: KML)
Dagny Von Krogh og Turid Eide til venstre fekk med seg både cruise frå Bergen og bryggedans. (Foto: KML)
Ein lett nervøs ordførar klarte seg ikkje gjennom alle spørsmåla i løgndetektortesten til Ørjan Hesjedal. (Foto: KML)
Ein lett nervøs ordførar klarte seg ikkje gjennom alle spørsmåla i løgndetektortesten til Ørjan Hesjedal. (Foto: KML)
Arne Veim Haugland dødsa heile 13 meter frå statsraaden. (Foto: KML)
Arne Veim Haugland dødsa heile 13 meter frå statsraaden. (Foto: KML)
Bryggedans 2016. (Foto: KML)
Bryggedans 2016. (Foto: KML)
Bryggedans 2016. (Foto: KML)
Bryggedans 2016. (Foto: KML)
Bryggedans 2016. (Foto: KML)
Bryggedans 2016. (Foto: KML)
Bryggedans 2016. (Foto: KML)
Bryggedans 2016. (Foto: KML)
Bryggedans 2016. (Foto: KML)
Bryggedans 2016. (Foto: KML)
Bryggedans 2016. (Foto: KML)
Bryggedans 2016. (Foto: KML)
Bryggedans 2016. (Foto: KML)
Bryggedans 2016. (Foto: KML)
Bryggedans 2016. (Foto: KML)
Bryggedans 2016. (Foto: KML)
Bryggedans 2016. (Foto: KML)
Bryggedans 2016. (Foto: KML)
Bryggedans 2016. (Foto: KML)
Bryggedans 2016. (Foto: KML)
Bryggedans 2016. (Foto: KML)
Bryggedans 2016. (Foto: KML)
1 av 16
Bryggedans 2016. (Foto: KML)
Bryggedans 2016. (Foto: KML)
Dagny Von Krogh og Turid Eide til venstre fekk med seg både cruise frå Bergen og bryggedans. (Foto: KML)
Ein lett nervøs ordførar klarte seg ikkje gjennom alle spørsmåla i løgndetektortesten til Ørjan Hesjedal. (Foto: KML)
Arne Veim Haugland dødsa heile 13 meter frå statsraaden. (Foto: KML)
Bryggedans 2016. (Foto: KML)
Bryggedans 2016. (Foto: KML)
Bryggedans 2016. (Foto: KML)
Bryggedans 2016. (Foto: KML)
Bryggedans 2016. (Foto: KML)
Bryggedans 2016. (Foto: KML)
Bryggedans 2016. (Foto: KML)
Bryggedans 2016. (Foto: KML)
Bryggedans 2016. (Foto: KML)
Bryggedans 2016. (Foto: KML)
Bryggedans 2016. (Foto: KML)

Då klokka nærma seg sju strøymde det på med folk på brygga.

– Vi har selt 750 billettar på førehand og reknar med vi sel dei resterande 100 ved inngangen. I tillegg kjem det folk etter maten som vil vera med på dans, så her blir det mykje folk, fortel ordførar Terje Søviknes nøgd.

Han skryt av Statsraaden, som han meiner gjev ei ekstra flott ramme rundt arrangementet til kommunen.

– Det som er så kjekt med denne type arrangement er at eg får gjera noko praktisk og ikkje sitta i møter heile tida. Eg har vore med å rigga bord og ordna i stand, seier han og legg til at han i si tid arrangerte ei rekkje dansar i Lysefjorden.

Blei tatt i løgndetektor

Nytt i år på brygga var livestreama talkshow og underhaldning med Os & Fusa TV med Kenneth Svenningsen og Ole Reinert Berg Olsen i spissen. Dei hadde fleire gjestar på scena og hadde fått med seg Arne Veim Haugland til å dødsa frå Statsraaden.

Her var også ordførar Søviknes, som saman med ordføraren i Fusa, Atle Kvåle, var utfordra til å vera med å ta løgndetektor der dei skulle få stilla kvarandre spørsmål.

Men i føremiddag ringde Kvåle og måtte trekkja seg fordi han hadde det for travelt. I staden blei det publikum som fekk laga spørsmåla til Søviknes, noko han både grua og gleda seg til.

– Eg hadde helst sett at eg og Kvåle fekk stilla kvarandre spørsmåla. Dette er litt skumlare, men det går nok fint.

Ordføraren klarte seg gjennom dei fleste spørsmåla. Men då han blant anna blei spurt om han nokon gong hadde tatt andre sin hummar og han svarte nei, fekk han tommelen ned.

– Ja, det kan nok henda at eg kom over ei rusa som ikkje var mi i ungdomen, innrømte ordføraren.

Fekk varmen i publikum

Sjølv om sola skein over Os denne kvelden så var det vindfullt og kaldt i lufta. «Guttene», som består av Tommy Sulen og Tron Jensen gjorde då ein god jobb i å få fart på eit etterkvart litt frossent publikum. Med allsong, dans og morosame historiar steig stemninga både på land og sjø.

– Det er reker, vin og kos på Os!

Litt seinare på kvelden var storscena klar for ORBO og mange danseglade osingar fylte dansegolvet.

– Kjempefint seglas

For Turid Eide og Dagny Von Krogh var bryggedansen langt ut i deira festivitetar. Dei hadde vore med Statsraad Lehmkuhl på cruise frå Bergen i fire timar, og kom fram til Os tidlegare på dagen.

– Då var det berre til å reisa heim litt og få kvilt seg litt før det var på 'an igjen her, sier dei og ler.

– Seglasen var kjempefint, det var full båt og vi fekk underhaldning på vegen mot Os.

Dei er òg veldig nøgd med opplegget på bryggedansen.

– Det er veldig bra, god mat og sosialt. Vi koser oss!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.