Næringsliv | 03. jan. 2018

Rekordhandel ved AMFI Os

I år fyller AMFI Os 30 år - i fjor nådde omsetnaden 580 millionar kroner.

Rekordhandel ved AMFI Os
Amfi Os sine leigetakarar auka samla sett omsetnaden med over 2 prosent frå 2016 til 2017. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 03. jan. 2018 14:57

Omsetnaden ved Amfisenteret held fram med å auka.

Samla sett vaks omsetnaden til leigetakarane med 2,07 prosent frå 2016 til 2017, samla omsetnad landa på 579,6 millionar kroner (mot 567 i 2016).

– Dette er vi veldig nøgde med! Vi takkar drivarar og tilsette på huset for ein formidabel innsats i året som gjekk, seier senterleiar Silje Lygre.

– Eg vil òg retta ei stor takk til alle kundane våre, både dei som reiser til Os frå nabokommunar for å handla, og dei som bur her, og vel å handla lokalt. Både i Os sentrum, her på senteret og elles i kommunen er det mange viktige arbeidsplassar, både fulltid og deltid, den første arbeidsplassen for mange unge, og eit viktig levebrød for mange vaksne.

Kraftig vekst i julehandelen

Julehandelen, som får ein kickstart med black friday i slutten av november, gav ein ekstra god innspurt på året for butikkane på Amfisenteret.

– Julehandelen auka med 8 prosent, fortel senterleiaren.

Tilsvarande vekst i 2016 var på 3,6 prosent.

Fyller 30 år i år

I april 2013 feira Amfi Os 25-årsjubileet sitt.

• Sjå bildeserie frå opningsdagen i 1988

I år er senteret 30 år.

– Det skal naturlegvis feirast. 30-årsdagen er 14. april, men vi vil markera den runde dagen gjennom heile året, seier Silje Lygre.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.