Næringsliv | 03. jan. 2017

Rekordomsetnad for AMFI Os

Både julehandelen, som no har spreidd seg over to månadar, og samla tal for 2016, er svært positive for Amfisenteret.

Rekordomsetnad for AMFI Os
Dei to siste månadane i 2016 auka Amfisenteret omsetnaden med heile 7,6 prosent. Også totalen for året blei ny rekord. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 03. jan. 2017 21:12

Leigetakarane hos AMFI Os har lange tradisjonar for vekst, og har dei siste åra auka omsetnaden med rundt 3-5 prosent i året og lagt over snittet for Amfisentra elles i landet.

Tala frå dei andre sentera er førebels ikkje gjort kjent, men det er allereie klart at AMFI Os auka både julehandelen og totalomsetnaden i 2016 samanlikna med rekordåret 2015.

– Totalt omsette vi for 567 millionar kroner i 2016, noko som er ny rekord og som tilsvarar ein vekst på 2,81 prosent, fortel senterleiar Silje Lygre.

Ho takkar både innbyggarane i Os, tilreisande kundar og tilsette ved senteret.

– Vi er veldig nøgd med det samla resultatet og takksam for at så mange osingar vel å handla lokalt og med det trygga framtidige arbeidsplassar i kommunen. Vi er òg glade for at tilreisande frå nabokommunane vel å legga handleturen til Os, og for at butikkane våre har så dyktige og engasjerte tilsette.

Tidleg start og stor vekst i julehandel

Omsetnaden i desember var nesten lik som året før, og ligg faktisk 0,5 prosent under desember 2015.

Men med den effektive salskampanjen «black friday», som Amfisenteret starta med i 2015, har julehandelen kome tidlegare i gang enn før.

– Ser vi på tala frå black friday til jul vaks omsetnaden med 3,6 prosent frå året før.

Julehandelen auka frå 77 til 80 millionar kroner.

– Tar vi totalen for november og desember var veksten endå større, heile 7,6 prosent, seier Lygre nøgd.

Små og større endringar

Det har vore nokre endringar på senteret frå 2015 til 2016, med flytting av nokre mindre butikkar, ny dyrebutikk, ny Europris, stor auke i areal for Stadion Sport, nedlegging av Wallendahl og comeback for Mekk.

– Det er ikkje tatt omsyn til desse endringane, alle tala er totalen for alle leigetakarane. Om vi skulle tatt berre samanliknbare butikkar ville òg butikkar som berre har flytta over gangen, i nesten tilsvarande lokale, hamna ut av statistikken.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.