Lokal | 27. sep. 2014

Rekordraske ender

VIDEO: Vellykka andeslepp! Over 1.350 badeender fossa ned elva frå brua til handikapbrygga, og endå litt lengre ...

Andris Hamrelørdag 27. sep. 2014 17:21

Bildeserie:

Tross regnvêr stilte omlag 150 tilskodarar for å heie på si and (foto: AH)
Tross regnvêr stilte omlag 150 tilskodarar for å heie på si and (foto: AH)
Fleire av badeendene rømte vidare nedover i elva (foto: AH)
Fleire av badeendene rømte vidare nedover i elva (foto: AH)
Ikkje alle klarte å komma seg ned heile løypa (foto: AH)
Ikkje alle klarte å komma seg ned heile løypa (foto: AH)
1 av 3
Tross regnvêr stilte omlag 150 tilskodarar for å heie på si and (foto: AH)
Fleire av badeendene rømte vidare nedover i elva (foto: AH)
Ikkje alle klarte å komma seg ned heile løypa (foto: AH)

Tidlegare i sommar rømte den digre plastanda til Os Turn Handball ut på Bjørnafjorden då arrangørane skulle flytta den frå Mobergsvikjo. Laurdag skulle vel 1350 av ungane hennar symja ned Oselvo frå den øvste brua til handikapbrygga.

– Ungane er like dårleg oppdratt som mora. Fleire av dei hoppa over sperringa vi hadde lagt på tvers av elva, så det blei ein stri tørn med å samla dei inn.

– Heldigvis hadde vi gode hjelparar i både båt og kajakkar, så eg trur vi har klart å fange dei aller fleste, fortel Camilla frå arrangørane.

Rekordraskt løp

Grunna regnet dei siste dagane var det ei rekordrask elv endene skulle prøva seg på.

– Då vi testa løypa for seks dagar siden brukte endene eit kvarter.

– I dag trur eg det gjekk på tre - fire minutt.

Glade vinnarar

Andegeneralen fekk sjølv gleda av å ringa vinnarane av gåvekorta på 10 000, 2 000 og 1000 kroner.

– No veit eg korleis dei som jobbar i Norsk Tipping har det.

– Det var nesten så dei ikkje trudde meg då eg ringte for å seia at dei hadde vunne.

Desse vann

Vinnarane blei kåra gjennom at dei hadde adoptert dei endene som kom først i håven til arrangørane ved målgang.

– Neste år lovar eg at vi skal oppdra endene betre, slik at alle forstår at dei skal koma til oss og ikkje hoppa over sperringane, avsluttar Camilla med eit smil.

Gåvekort kr 10.000. Torild Tyssøy
Helikoptertur. Rune Flatland
Gåvekort kr 2.000. Idar Sylte
Gåvekort kr 1.000. Grim S. Grønvigh.

I tillegg blei 20 premiar trekt tilfeldig ut blant deltakarane. Om du vil sjå kven som vann desse, kan du vitja andesleppet si facebookside.

VIDEO: Sjå racet ned Oselvo på 57 sekund (foto: Andris Hamre/Midtsiden.no)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.