Sport | 22. apr. 2017

Rekordstart for O-klubben

Har nesten 1300 postbesøk allereie før turorienteringsesongen starta. O-klubben har òg laga eiga løype for bevegelseshemma på Osøyro.

Rekordstart for O-klubben
Søskena Aurora Helena, Ada Elea, Nora Ruth og Arn Viljo Wikestad koste seg med orientering på kyrkjeflaten laurdag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 22. apr. 2017 12:51

Like før påske la Os orienteringsklubb ut årets turorientering i Os med 99 poster på Osøyro, Hatvik-Bjånes, Varåsen og Nore Neset. Laurdag var planen å kick-starta sesongen med arrangementet «Finn fram på Øyro» på Kyrkjeflaten.

– Dette arrangementet er spesielt retta mot barn og barnefamiliar kor dei skal få ein liten smakebit av orienteringssporten, fortel Tommy Sævareid i orienteringsklubben.

Enkelt, men avansert

Postar er plassert ut på ulike stader på kyrkjeflaten og fleire kart er i bruk.

– Vi har kart frå det enklaste, som er ei rundløype rundt stien her, til meir avansert kor ein må tenkje litt meir. Vi har òg leika oss med kartet og fjerna alt anna enn postene på kartet. Det betyr at ungane må orientera seg fram berre ved hjelp av kompasset, forklarar Sævareid.

Dette er andre året orienteringsklubben skipar til eit slik arrangement på Øyro og det har allereie gitt resultat gjennom auka rekruttering.

– Vi har faktisk ein god del nye born som no er med på vanlege løp.

Selde ut på 5 dagar

Sjølv om laurdagen eigentleg var starten på tur-O sesongen, så er aktiviteten allereie godt i gang.

– Vi har seld veldig bra av karta. Oppe på Stadion Sport blei dei utseld for konvoluttane i løpet av berre fem dagar før påske, så der har dei no fått inn ny forsyning med dobbelt så mange kart, smiler Sævareid.

– Så langt har vi registrert 27 deltakarar og nesten 1300 postbesøk. Ei periode var vi faktisk oppe på 15. plass på Noregsrankingen, men nå har vi ramla litt ned, og ligg for augeblikket på 20. plass. Men vi ligg fortsatt godt framfor Fana, som ligg på 35. plass med berre halvparten så mange postbesøk som oss.

Også for bevegelsehemmede

Foto-orientering, som er formen dei har laga løypa på Osøyro, fungerer slik at du finn postane på kartet, men i staden for ein vanleg post utplassert, skal du kjenna att staden på eit bilete som følgjer kartet. Rett bilete gir rett kode.

– Her på Osøyro har vi òg laga ein eigen variant for bevegelseshemma, kor vi har kutta ut dei postane du må gå til. Alle dei andre når du til dømes i rullestol, avsluttar Tommy Sævareid.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.