Næringsliv | 27. jan. 2015

Rekordvekst ved bygrensa

Er-An Veikro auka med eit tonn (!) softis og vaks med 45 prosent i fjor. Laurdag blir det ei rocka sesongopning – med litt harseleras med E39.

Rekordvekst ved bygrensa
– Howdy! Linda er klar for sesongopning på Er-An Veikro. Men kven er dei to lokale musikarane som får platecoveret sitt på den nye smoothiebaren? (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 27. jan. 2015 09:32

Den USA-inspirerte rock 'n' roll-restauranten på Røykenes fekk ein god start då den var ny våren 2013, men 2014 blei langt betre.

– Vi hadde to månadar lengre drift i fjor, sidan vi opna på våren 2013, men synest likevel 45 prosent vekst er mykje, seier innehavar Linda Andersen.

Ho trudde sjølv at ho ikkje hadde så mange julebord i desember, men julemånaden sto for størst vekst, med heile 65 prosent auke.

– Det var ikkje så mange av dei store juleborda, men enormt mange små. Vi hadde venegjengar, familiar og små firma kvar einaste dag. Då eg sa til Gilde at vi ikkje hadde så mange julebord så spurde seljaren meg kvar eg i så fall hadde gjort av alt kjøtet eg hadde kjøpt inn, seier Linda og ler.

Sommaren, som var ekstra varm i fjor, gjorde også utslag. På ein vanleg søndag sel Er-An Veikro 600-700 softis, eit snitt på éin i minuttet, om du sel softis i 10 timar på ein dag. Omsetnaden av softis auka med eit heilt tonn!

Gler seg til E39 forsvinn

Vegkroa ligg fint til ved E39 Byvegen, nokre meter frå kommunegrensa, der E39 skiftar namn til Osvegen. At det i år skal vera byggestart på noko som sender store delar av trafikken gjennom fjellet til Bergen er ikkje noko Linda fryktar.

– Nei, nei - det ser eg veldig fram til! For det første var vegen i mange år ein festbrems for oss. Frå 1992, då eg starta kiosken vi hadde her, fekk eg berre løyve for to år om gangen på grunn av denne forbaska vegen og bompengestasjonen som «snart» skulle koma.

Om Linda skal ha ein prat med mannen Dag, som jobbar på verkstaden rett over vegen, er det ofte lettare å ringa bort enn å kryssa E39.

– I tillegg har vi mange ønskjer og planar som truleg kan gjennomførast når E39 forsvinn frå nabolaget, så dette er noko vi berre ser fram til.

At det i år er byggestart på E39 Svegatjørn-Rådal feirar ho med nytt innslag på menyen, biffburgeren som har fått namnet Rout E-39.

– Ordførar Terje Søviknes kjem for å testa Rout E-39. Vil du sjå første jafs så kan du stilla her i 16.30-tida, seier Linda og ler.

Utviding og feiring av sesongstart

No har Linda hatt sine årlege fire veker på Gran Canaria, der ho før opninga av den nye restauranten heldt hus heile vinterhalvåret.

Laurdag er det sesongopning på Er-An Veikro med livemusikk frå ettermiddag til kveld.

– I 16-tida kjem The Vossa Rebels og lager liv, på kvelden speler Ine Tumyr og Emil Nordtveit med band. Vi ønskjer å laga opningsfest både på dagtid og på kvelden.

Månaden med stengt restaurant har det, som i fjor, vore litt byggearbeid i restauranten.

– Vi har utvida med vinterhage og vi har fått bygd ny milkshake- og smoothiebar. Det kjem også eit ekstra kassaapparat, nye innslag på menyen og ny dessertmeny, fortel Linda.

På baren blir det også plass til yttarlegare to platecover av artistar frå Os. Kven det blir er ukjent, med eitt av dei nye platecovera skal «avdukast» på laurdag.

Det einaste Linda ikkje ser fram til er å driva restauranten utan businesspartnaren, dottera Hanne Catrine.

– Hanne Catrine skal gå på skule i Los Angeles og har eit år med permisjon. Men vi har tilsett nokre nye kokkar, så det skal gå fint, sjølv om eg kjem til å sakna ho.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.