Rektor ved Os ungdomsskule, Kåre Lutro. (Arkivfoto: Andris Hamre)

Rektor Kåre Lutro svarer

Kommentar til ope brev om julegudstenester.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Christian Lomsdalen kjem i sitt innlegg med nokre påstandar og spørsmål i samband med gjennomføring av Os ungdomsskule sine julegudstenester.

Den første påstanden gir uttrykk for at skulen har ei klar og tydeleg haldning til at elevane møter til gudsteneste. Eg forstår ikkje kva Christian Lomsdalen legg i dette og korleis han les informasjonen frå skulen. Tvert imot er skulen i sin informasjon tydeleg på at terskelen er låg for å villa noko anna, at dette er heilt og fullt eleven og foreldra sitt val, kva for alternativ ein ønskjer å nytta seg av.

I informasjonen står det; Det er ei frivillig sak om ein vil delta i julegudstenesta. For Os ungdomsskule er det godt nok at ein elev seier frå at ein heller ønskjer å delta i det alternative opplegget på skulen.

Vidare skriv Christian Lomsdalen at skulen byggjer opp under eit sosialt press som allereie eksisterer, og at det på den måten blir vanskeleg å vera mellom dei andre.

Kva belegg har Christian Lomsdalen for å seia noko slikt?

Når det gjeld skulen si forventning om størst mogeleg elevengasjement, så kan vi seia at skulen forventar stort elevengasjement i alt vi driv med på skulen, i alle fag og alle læringsøkter, til beste for læring og eiga utvikling.

På spørsmål om kva vi gjer med elevane som ikkje skal øva inn songar og eller programinnslag til julegudstenesta, så får dei andre opplæringsaktivitetar innafor læreplanen.

Når det gjeld spørsmålet om kompetansemål, så har ikkje skulen sagt at dette er kompetansemål i KRLE-faget.

Ein finn godt grunnlag for gjennomføring av, og høve til å gi kunnskap om kyrkja, i Opplæringslova §1 og i Kunnskapsløftet Generell del. I generell del finn ein mellom anna i kapittel om Kristne og humanistiske verdiar, og i kapittelet om Kulturarv og identitet. I den sistnemnde kapittelet finn ein formuleringa; Utviklinga av identiteten åt kvar einskild skjer ved at ein lever seg inn i nedarva veremåtar, normer og uttrykksformer.

Nokre av kompetansemåla i KRLE-faget gir også rom for å gi opplevingar og erfaringar knytt til eit arrangement som julegudsteneste.

Døme på dette kan vera; 
1) gi ein presentasjon av Den norske kirke
2) drøfta kristendommens betydning for kultur,
3) visa korleis religion kjem til uttrykk på ulike måtar,
4) visa respekt for menneskers trus- og livssynsoppfatningar, ritualer, hellige gjenstander og stader.

Les ein læreplanen grundig finn ein nok langt fleire relevante formuleringar.

Når det gjeld det siste spørsmålet, så spør du om kvifor det ikkje er vald aktiv påmelding til begge tilbod.

Som du sjølv skriv, det er ei anbefaling frå Utdanningsdirektoratet og ikkje eit pålegg. Når det er sagt kan ein sjå dette på fleire måtar. Vi arbeider med elevane våre for å læra dei å ta og stå for eigne val. Vi snakkar om dette med elevane våre heile tida og spesielt når det gjeld slike val som kan vera vanskelege. Vi seier difor i det aktuelle informasjons-skrivet til heimane, at det er godt nok at ein elev seier frå til lærar at ein ikkje ønskjer å delta i ei julegudsteneste.

Samtidig vil eg òg informera om at i Os kommune er det vanleg at skulane legg til rette for påmelding i ei eller anna form. Vi er enno ikkje komen til desember, så det er for tidleg å gjennomføra den prosedyren.

Avslutningsvis vil eg seia meg einig i at skulen skal ha rom for alle og visa det gjennom det totale tilbodet til elevane. Samtidig er det viktig å hugsa at skulen er ein av dei fremste kulturberarane i samfunnet, eit oppdrag vi har fått av det norske folk.

I det perspektivet er det viktig at skulen både gir rom for mangfald og samtidig held i hevd den kulturarven fleirtalet i det norske folk ønskjer å verna om.

Kåre Lutro
Rektor, Os ungdomsskule.