Lokal | 10. mai 2018

– Respekterer ikkje trafikklovgjevinga

Dømd til 90 dagar ubetinga fengsel etter å ha køyrd bil utan gyldig førarkort.

– Respekterer ikkje trafikklovgjevinga
Sakene har vore oppe i Bergen Tingrett (ill.foto: KVB)
Andris Hamretorsdag 10. mai 2018 07:41

Ein mann i midten av 30-åra busett i Os må i fengsel etter at han blei stoppa i Lysefjorden uten gyldig førarkort i februar.

Mannen møtte i retten og gav ei atterhaldslaus tilståing.

Berre fire dagar før han blei stoppa i februar hadde mannen vore i retten tiltalt for det same, nemleg å køyra utan førarkort. Då fekk han ei betinga fengselstraff.

– Ettersom sikta no skal straffast for liknande forhold som tidlegare, finn retten også at fellesstraff bør nyttast.

– Retten finn, etter ei konkret vurdering, at det er tilstrekkeleg å legge til grunn den straffa som er fastsett i den tidlegare dommen, slik at straffa vert fastsett til ubetinga fengsel i 90 dagar. Det gjer seg gjeldande sterke allmenn- og individualpreventive omsyn ved gjentatt køyring utan gyldig førarkort, og sikta har ved sin åtferd vist at han ikkje respekterer trafikklovgjevinga overhovud, heiter det i dommen.

Kvinne dømd for promillekøyring

Også ei kvinne frå Os har måtte møte i Bergen Tingrett. Ho sto tiltalt for å ha køyrd bil i rusa tilstand. Blodprøven som blei tatt femti minutt etter at ho blei stoppa av politiet viste ei promille på 1,63.

I retten gav også ho ei atterhaldslaus tilståing.

– I straffeskjerpende retning legger retten vekt på at hun hadde en påvirkning der det normalt skal reageres med ubetinga fengsel. Køyringa blei avslutta med eit trafikkuhell, men det var også ei bevisst handling.

– I formildande retning blir et lagt vekt på at køyringa kan ha vore utslag av hennar helseproblem og at ho har tilstått handlinga, heiter det i dommen.

Kvinna blei dømt til fengsel i 21 dager, men retten tilrådde at ho fekk tilbod om fotlenkesoning heime. I tillegg fekk ho ei bot på 40.000 kroner og mista førarretten i to år. Ho må ta full ny førarprøve for igjen å kunne køyra bil.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.