Lokal | 09. aug. 2014

– Responsen har vore enormt god

Pussar opp Opus for å laga uformell, kreativ hobbystue og samlingsplass.

– Responsen har vore enormt god
Irene Stolt-Larsen og Randi Leikanger startar samlingsplass i dei gamle lokala til Opus (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 09. aug. 2014 08:50

Irene Stolt-Larsen og Randi Leikanger vil skapa ein sosial samlingsplass for alle dei som sit aleine heime og puslar på med hobbyen sin, anten det er strikking, sying eller anna type handtverk.

– Vi er båe uføre og har kjent på det å sitta aleine heime heile dagen.

– Difor har vi lyst til å skapa ei felles hobbystue kor folk kan møtast, putla på med hobbyen sin, eller berre slå av ein prat.

Opnar om ei veke

Lokale, der nattklubben Opus, tidlegare holdt til har dei fått låna gratis av Os Bygg og Eiendom sitt prosjekt «Os Open».

– Dei har vore heilt fantastiske og stilt opp med maling, reiskap og anna utstyr vi treng.

– I tillegg har ein heil masse folk stilt for å hjelpa oss med å pusse opp lokalet, så forhåpentlegvis kan vi starta opp fredag i neste veke, fortel dei to driftige damene.

Enorm respons

Det var også Os Open som først skreiv om planane til dei to og delte det på facebook.

– Etter at det kom ut har responsen vore heilt fantastisk.

– Det tok heilt av. Folk har tatt kontakt og sagt dei har møblar vi kan få.

– Andre har sagt at dei vil vera med å bruke staden, så dette lovar godt, smilar Irene og Randi.

Ikkje ein kafé

Dei to håpar mange finn vegen innom når dei opnar neste veke.

– Ein treng ikkje driva med noko spesielt.

– Du kan like gjerne komma innom berre for å ta ein kaffikopp og slå av ein prat.

– Heile poenget er å skapa ein sosial samlingsplass.

– Det er viktig å presisera at det ikkje er ein kafé vi skal driva.

– Det er heller ikkje ein plass du kan ta med småungar. Det vil vera utstyr her som dei fort kan skada seg på, forklarar Randi.

Kjipt å sitta aleine

Som uføre har dei båe kjent på det å sitta aleine heime med hobbyen sin.

– Eg har drive ein strikkeklubb heime tidlegare. Då såg eg viktigheiten av å kunne samlast, fortel Irene.

– Det er det vi hadde lyst til å få til, og som Os Open har hjelpt oss med.

– Vi ønska å lage eit tilbod som ikkje skulle koste skjorta og kor ein kunne få eit nettverk.

– Det er mange som har kreative evner, men som ikkje får det ut. Her kan vi utveksla gode erfaringar og idear.

– Kanskje kan dette tilbodet vera med på å frigjera positiv energi.

Vil føle seg litt fram

På spørsmål om korleis opningstidene blir fortel dei to at det har dei ikkje heilt bestemt seg for.

– Det må vi føla oss litt fram til.

– Det kjem til å vera opent på dagtid, men vi tek sikte på å også ha ope ein kveld i veka, avsluttar dei to, som håper det finnst nokre sterke menn som kan vera med å bera inn møbler når veggane er ferdig malte.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.