Lokal | 24. aug. 2016

Restaurant-eigar dømt til fengsel

I 2012 blei han utvist frå Noreg med innreiseforbod i fem år. Likevel kom han tilbake fleire gongar.

Restaurant-eigar dømt til fengsel
Bergen tinghus. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 24. aug. 2016 08:57

Ein mann som kom til Noreg midt på 90-talet, blei i 2012 utvist frå Noreg med innreiseforbod i fem år til sommaren 2017.

Mannen gifta seg med ei norsk kvinne første gong han var i Noreg, men blei skilt etter kort tid. I 2000 blei han, grunna manglande opphaldsløyve, utvist og uttransport til Tyrkia.

Han kom så tilbake og gifta seg med ei anna norsk kvinne og fekk opphaldsløyve etter reglane om familieinvandring på grunnlag av ekteskapet. Etter ni år blei paret skilt og Utlendingsnemnda trekte opphaldsløyvet og arbeidsløyvet då UNE meinte førre ekteskap var eit proformaekteskap.

I same vedtak blei mannen, som er i 40-åra, utvist og ilagt innreiseforbod.

Erkjente ikkje straffeskyld

I tida tiltalte har vore i Noreg har han vore innehavar av ei rekkje pizzarestaurantar, også i Os. Han har òg ein son i Noreg frå sitt første ekteskap.

Tiltalte har erkjent å ha vore i Noreg fleire gongar etter 2012, men erkjente ikkje straffeskyld.

Han forklarte i retten at han var kjent med UNE sitt vedtak frå 2012 og utreisefristen som blei fastsett i vedtaket, men at han ikkje visste at han hadde innreiseforbod i fem år.

I 2012 blei han orientert om vedtaket gjennom advokaten han brukte, i staden for ved personleg forkynning, slik UNE sin praksis er når ein person er bistått av advokat. Retten såg det som svært lite sannsynleg at advokaten ikkje har orientert tiltalte om innreiseforbodet.

Han blei i tillegg stoppa og nekta innreise i januar 2015, og blei med det gjort merksam på innreiseforbodet, men har vore fleire gongar i Noreg også etter den tid.

Må i fengsel i over eitt år

Strafferamma for brot på innreiseforbod etter utlendingsloven er fengsel inntil 2 år. Strafferamma blei heva i 2014.

Retten såg på tidleg tilbakevending, og mengda tilbakereiser, som skjerpande i saka.

Tiltalte blei dømt til fengsel i 1 år og 2 månadar. 115 dagar varetekt kom til frådrag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.