Høyre og Frp har solid fleirtal åleine etter førehandsrøystinga i Os.

Resultat: Førehandsstemmene i Os

Val 2017: Sånn stemte dei 4.318 innbyggarane i Os som røysta før valdagen.

Av: Andris Hamre

Klokka 21 blei førehandsrøystene offentleggjorte både i Os og i resten av landet.

• Nett no: Vi sender direkte frå valvake via Facebook.com/Midtsiden

Talet på førehandsrøyster i Os er oppjustert frå rekordmange 4.170, som vi skreiv tidlegare i dag, til 4.318, altså heile 31,2 prosent av dei 13.845 i Os som har røysterett.

På riksbasis er det òg rekord, med rett over 27 prosent.

– Alt har gått greit for seg på vallokala i dag, vi har ikkje mottatt rapportar om noko anna, fortel Simen Soltveit i Os kommune, då han gav oss innblikk i tala frå førehandsrøystinga tidlegare i ettermiddag.

RESULTAT - FØREHANDSSTEMMENE I OS

(Endring frå førehandsrøystinga i Os i 2013 i parantes)

Høyre - 1306 stemmer 30,5% (-3,1)
FRP - 1098 stemmer 25,7% (+4,1)
AP - 784 stemmer 18,3% (-1,9)
SP - 319 stemmer 7,5% (+3,2)
MDG - 187 stemmer 4,4% (+1,4)
KRF - 168 stemmer 3,9% (-2,8)
SV - 158 stemmer 3,7% (+0,5)
V - 151 stemmer 3,5% (-2,0)
Rødt - 54 stemmer 1,3% (+1,3)
Partiet De Kristne - 12 stemmer 0,3% (-0,2)
Helsepartiet - 11 stemmer 0,3% (+0,3)
Piratpartiet - 9 stemmer 0,2% (+0,2)
Kystpartiet - 7 stemmer 0,2% (+0,2)
Feministisk initiativ - 6 stemmer 0,1% (+0,1)
Liberalistene - 3 stemmer 0,1% (+0,1)
Alliansen - 1 stemmer 0,0%
Demokratene i Norge - 1 stemmer 0,0%

Etter førehandsrøystinga i Os har dei borgarlege partia til saman 63,6 % av stemmene.

Dette er 4.275 av stemmene. Det er i tillegg levert nokre blanke og nokre som kom inn litt seint, og som skal teljast i morgon.

– Eg reknar med at vi har dei første krinsane frå dagens røysting klare rundt klokka 22 i kveld. Det blir truleg Lysekloster og Søfteland som er dei minste krinsane, seier Soltvedt.

valgresultat.no kan du sjå resultata, krins for krins, etterkvart som dei kjem inn.

– Regjeringa har levert

Marie Bruarøy (H) meiner førehandsrøystinga viser at osingane er nøgd med den sitjande regjeringa.

– Det er gledeleg at det er ei så stor oppslutnad rundt Høyre og Frp. Det viser at osingane ønskjer ei blå regjering og at den sitjande regjeringa har levert det dei lovde for fire år siden.

– Litt uroa er eg rett nok for at KrF og V ligg under sperregrensa, men vi får håpa dei kjem seg over grensa i løpet av kvelden.

Under halvparten av stemmene er er med i resultatet over. Det er dessutan dei riksdekkande tala som tel.

– Med nær 40 % førehandsrøyster gjer det ein god indikasjon, men vi tør ikkje jubla enno. Det får vi venta med til den siste stemmen er talt opp, seier Bruarøy.

Gode tal for dei borgarlege - også på landsbasis

Når 37,6 % av stemmene på landsbasis er talte opp har Sp, SV, MDG og Rødt gått fram, men det er framleis borgarleg fleirtal.

Ap 27,8 % (-3,0)
Høyre 25,5 % (-1,3)
Frp 15,1 (-1,3)
Sp 10,0 (4,6)
SV 5,8 (1,7)
KrF 4,1 % (-1,5)
Venstre 4,0 % (-1,3)
MDG 3,2 % (0,4)
Rødt 2,6 % (1,5)


Fleire saker

bilde-midtsiden

29 millionar til bruer

20. september 2017

Fylkesvegar • Fylkeskommunen vil setta av 29 millionar til bruer og 18 millionar til Åsen-Helleskaret.

bilde-midtsiden

Østervold matchvinnar igjen

19. september 2017

Lysekloster fekk det tøft mot Aalesund 2, før utvisinga, men nok ein gong sørgja Kristoffer Østervold for full pott.

bilde-midtsiden

Musikalsk Grytten-premiere

19. september 2017

– Det er ei gåve å ha Espen Leite på trekkspel, seier Albert og Anna-skodespelarane. I morgon har dei Noregspremiere i Os.

bilde-midtsiden

Slo Sædalen på heimebane

19. september 2017

– Vi varierer for mykje, seier Kvile, sjølv om Os 2 har tapt berre 1 av 6 kampar etter ferien.