Ridder Hans Bjørn Bakketeig saman med ordførar Marie Bruarøy og leiar av ordenkanseliet Sigvald Hauge (foto: Andris Hamre)

Riddar Hans Bjørn Bakketeig

Hans Bjørn Bakketeig fekk onsdag det synlege beviset på at han er slått til riddar av første klasse.

image
image
Av: Andris Hamre

I slutten av oktober blei det kjend at Hans Bjørn Bakketeig var slått til riddar av første klasse av Den Kongelege Norske Fortjenesteorden. 

Under ei tilstelling i Griegsamlingen i Oseana onsdag førmiddag fekk Hans Bjørn det synlege beviset overlevert frå leiar av ordenskanseliet, Sigvald Hauge, som på vegne av H.M. Kong Harald sto for overrekkinga.

– Det er svært hyggeleg, på vegne av Hans Majestet, å gje deg insignia og diplom som det synlege bevis på at du er slått til riddar av første klasse, innleia Hauge, før han fortalde at det var ikkje ordenen Hans Bjørn først var foreslege til.

– Initiativet kom frå Jorunn Indrefjord og Kåre Ness. Det blei støtta opp om frå Anne Jervell og Terje Søviknes som sendte sine tilrådingar. Det gjalt opprinneleg kongeleg fortenstemedalje, men den kunne du ikkje få. I staden sendte dei det over til oss. Det var ei klok beslutning.

– Bakketeig har jobba med og for synshemma i Moldova og gitt augehelsefaget eit løft. Kandidaten har lagt ned eit ueigenyttig arbeid som har skapt grunnleggande endringar og utdanningsmoglegheiter i Moldova gjennom eit engasjert og utretteleg arbeid. Du har skapt store fortenester for Noreg og menneskjeheita, sa Hauge før han las utnemninga på diplomet; «Vi Harald, Norges Konge, gjør vitterlig at Vi under 2. oktober 2017 har utnevnt Hans Bjørn Bakketeig til Ridder første klasse av Den Kongelige Norske Fortjenstorden av hvilken Vi selv er Stormester. Under Vår hånd og Fortenesteordenens segl. Signert Harald R.»

Ein stor dag

Ein tydeleg rørt Hans Bjørn Bakketeig takka kongen for utnemninga.

– Det er ein stor dag. Det følest fantastisk og er veldig ærefullt. Eg vil òg takka ordføraren for mottakinga kommunen har stelt i stand.

– Eg var i Tanzania, saman med Ingunn og Hanna som var utplassert der,  då eg fekk vite det. Eg satt på hotellet og skulle berre kjapt sjekke e-posten då eg såg ein e-post kor det sto «Ridder Hans Bjørn». Eg måtte lese den om igjen og om igjen. Lettrørt som eg er, så lurte Hanna etterkvart på om det var nokon som var dødd. Ingunn visste nok at noko var på gang, for ho tok det betre enn oss to andre, fortalde Hans Bjørn til latter frå vener og samarbeidspartnarar som var til stades under utdelinga.

Mange har æra

Han var kjapp med å dela æra med dei rundt seg.

– Først og fremst familien min. Ingunn har vore og er ein kjempegod støttespelar. Av og til kallar ho seg sekretæren min. Ho er ein kjempegod ambassadør for Hjelp Moldova.

– Utnemninga er også viktig for Hjelp Moldova, som sørgjer for drift og planlegginga av arbeidet og også samarbeidspartnerane våre skal ha ei stor ære. Ikkje minst Tatjana Ghidirimshi, som driv synsklinikken, og resten av teamet gjer ein fantastisk jobb, skrytte Hans Bjørn før han gav eit kort resymé av arbeidet frå 2001 og fram til i dag.

Ein engel

To av initiativtakarane, Jorunn Indrefjord og Kåre Ness, helsa den nyslåtte riddaren.

– Det var som å få ein telefon frå Hamar, då eg fekk telefonen frå kanseliet med beskjed om at du var slått til ridder, fortalde Ness som siterte frå kanselileiaren si bok «Hva er diplomati» kor innleiinga peiker på at englane i juleevangeliet var dei første diplomatane.

– I Moldova opplever dei deg som ein engel sendt frå høgre makter. Etter å ha kjent deg i seksten år, så veit eg at det av og til går ein djevel i deg, men du er ein kombinasjon av engel og ein djevelsk god optikar.

– Arbeidet i Moldova har blitt din passion, som du seier sjølv. Det er din lidenskap. Det er neppe nokon annan en deg som har kunne oppnå slik tilgang og tillit som du har i Moldova. I dag går ministrane opp i rett når dei høyrer at Hans Bjørn står i resepsjonen, fortalde Ness.