Kultur | 28. mars 2015

Robin Hood kom til Strøno

Då Middelalderen var tema i engelskundervisinga sette dei eldste elevane opp eit stykke frå Sherwoodskogen for både skule og barnehage.

Robin Hood kom til Strøno
Dei eldste elevane ved Strøno Barneskule lagde skodespel om Robin Hood. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 28. mars 2015 08:12

– Middelalderen har sett ut til å fenga elevane og då vi sette opp eit skodespel blei dei veldig engasjerte, fortel kontaktlærar for 6. og 7. trinn ved Strøno barneskule, Anne-Grethe Kolaas.

Dei 13 elevane har øvd, laga plakatar og skaffa kostyme. Dei engelske replikkane lærte dei seg utenat.

– Dei måtte ikkje berre læra å hugsa, skodespelarar må også læra stemmebruk, å snakka tydeleg, å snakka passeleg fort og gjerne overdriva.

Kjører kanskje eit ekstranummer

Fredag var alt klart og alle dei yngre elevane var saman med ungane i barnehagen samla i gymsalen på skulen.

– Skodespelarane var kjempeflinke og framsyninga gjekk veldig bra. Dette har vore god læring, seier Kolaas.

Forteljinga om den treffsikre bogeskyttaren som stal frå dei rike og gav til dei fattige fenga publikum.

No vurderer dei å laga ei ekstraframsyning for foreldrene.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.