Kultur | 05. jan. 2017

Rockar mot kreft

Eirik Søfteland er ein av artistane som står på scenen når Rock Mot Kreft blir arrangert på Garage laurdag.

Rockar mot kreft
Eirik Søfteland speler med Grace & Menace på Rock Mot Kreft på Garage laurdag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 05. jan. 2017 12:49

Laurdag står dei fire vennebanda Mollygogo, Bighorn Butterboys, Fighting Foo og Grace & Menace på scenen på Garage i arrangementet Rock mot Kreft.

– Det heile starta med at vi hadde lyst til å laga ein bandbattle kor fleire i venekretsen som spelar i ulike band kunne møtast og ha det kjekt.

– Det var Jens Erik (Aasmundseth, journ.mrk) som kom med ideen om at vi i tillegg kunne gjera litt meir ut av det og gje inntektene til ei god sak, fortel Eirik Søfteland i Grace & Menace.

Var kjempepositive

Alle banda var positive og Aasmundseth tok ein telefon til den ideelle organisasjonen Rock Mot Kreft.

– Dei har gjort fleire tilsvarande konsertar tidlegare og hadde ein plattform vi kunne byggja vidare på. Då vi spurte om det var greitt var dei kjempepositive, så då blir det ikkje berre bandbattle, men òg ein innsats for ein god sak på laurdag. Alle inntektene frå konserten går til organisasjonen.

– Vi nyttar oss av nettverket til Rock Mot Kreft og deira paraply, men styrer alt rundt konserten sjølv.

Konserten på Garage er eitt av fire arrangement organisasjonen har denne våren. Dei andre er i Porsgrunn, Stavanger og Oslo.

– Eg håper sjølvsagt at også osingane legg turen til Garage på laurdag. Dørene opnar klokka 21 og det første bandet går på klokka 22, seier Søfteland.

Spelte på barneklinikken

Som ein del av oppkøyring til konserten var Søfteland og Jens Aasmundseth onsdag på Barneklinikken på Haukeland sjukehus.

– Det var utruleg kjekt og gjevande. Vi heldt ein liten konsert for, og saman med, 10-15 barn som er innlagt der no. Eg trur dei òg tykte det var kjekt å få eit lite avbrekk i kvardagen, smiler Søfteland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.