Kultur | 09. feb. 2018

Rockeskulen!

Video og bildeserie: Os er definitivt «Rock city» etter å ha sett elevane på Nore Neset Ungdomsskule.

Andris Hamrefredag 09. feb. 2018 09:09

Bildeserie:

School of Rock (foto: Andris Hamre)
School of Rock (foto: Andris Hamre)
School of Rock (foto: Andris Hamre)
School of Rock (foto: Andris Hamre)
School of Rock (foto: Andris Hamre)
School of Rock (foto: Andris Hamre)
School of Rock (foto: Andris Hamre)
School of Rock (foto: Andris Hamre)
School of Rock (foto: Andris Hamre)
School of Rock (foto: Andris Hamre)
School of Rock (foto: Andris Hamre)
School of Rock (foto: Andris Hamre)
School of Rock (foto: Andris Hamre)
School of Rock (foto: Andris Hamre)
School of Rock - Utstilling (foto: Andris Hamre)

1 av 13

Denne veka har elevane som har valfag sal og scene spelt musikalen «School of Rock» for tilsette, foreldre, medelevar og andre interesserte i foajeen på Nore Neset Ungdomsskule. Og for ei rocka skule. Totalt fire framsyningar har det blitt. Torsdag kveld var den siste.

Og her var det tett mellom tunge gitarriff, heftige trommer og rocka sang.

– Vi har jobba med showet sidan skulestart, to timer i veka. Anne Leni (Søfteland Sæbø, journ.mrk), har stått for alt av arrangement og koreografi, så har elevane kome med nokre elementer innimellom. Skulle dei ha gjort alt sjølv, så hadde det vore ein heilt anna jobb. Då hadde vi nok ikkje rekt å komma i mål, fortel lærar Terje Neset.

School of Rock

Frå programmet les vi at «School of Rock» er historia om Dewey og elevane ved «Horace Green School».

Dewey er vokalist i rockebandet «Deweys Commander». Dei vinn rockekonkurransen «Battle of Rock», men Dewey blir høg på seg sjølv og får sparken. For å tene penger bløffar han at han er lærar og blir tilsett ved Horace Green School. Han gir blaffen i å undervisa, inntil han oppdagar at elevane driv med musikk. Då vakner han og undervisninger i ein ting, nemleg Rock' n Roll. Noko korkje rektor eller foreldra set pris på når dei oppdagar det.

Han stikk av, men elevane vil det annerleis og melder seg på årets »Battle of Rock», så kan du berre tru korleis det går.

Tett og heftig

Showet er bra gjennomført frå elevane og alle dei andre bak scenen. Det er tett og heftig. Vi kunne kanskje ønskja oss litt meir lyd på vokalisten innimellom, men alt i alt ei særs godt gjennomført framsyning for ein fullstappa foaje torsdag kveld.

School of Rock er eit samarbeidsprosjekt mellom valfaga «Sal og scene», «Produksjon av varer og tenester» og «Design og redesign».

Les óg: Sjekk den Nore Neset-fabrikken!

Omlag 80 elevar er med på sal og scene, 30 på produksjon av varer og tenester og 60 på design og redesign, så store delar av skulen har vore involvert.

Dette klarte de så bra, at vi berre seier «Keep on rocking!»

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.