Kultur | 06. des. 2016

Rocketøs som blei korsjef

For sjuande gang skal ho dirigera Fonos sin julekonsert. Stine Kobbeltvedt er rockeartisten som blei korfrelst. – Eg trur dei fekk litt sjokk då eg kom inn.

Rocketøs som blei korsjef
Stine Kobbeltvedt gjekk frå rockebandet Furia til koret Fonos. Denne veka er dei aktuelle med to konsertar i Os kyrkje. (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 06. des. 2016 18:56

I 2008 flytta Furia-vokalist Stine Kobbeltvedt heim til Osbygdo med mann og barn. Då Fonos sin dirigent Tore Heggedal i 2009 skulle ha permisjon frå stillinga si som kantor fekk Stine Kobbeltvedt spørsmålet om ho kunne tenkje seg å ta over.

– Dum som eg var sa eg ja, og no har eg vore dirigent for koret i sju år, ler ho når vi møter ho i det gamle kommunehuset på Kyrkjeflaten.

Far, Norvald, var sjølv dirigent i 30 år for sitt kor, så ho har framleis litt å strekk seg etter.

– Han fleipa med at eg berre skulle sjå då eg starta opp, og det er jo utruleg kjekt då, men om det blir tredve år, det tvilar eg på.

Eit lite kultursjokk

For medlemmane i koret var det nok eit lite kultursjokk å få inn rockeartisten som ny dirigent.

– Eg hugsar eitt av medlemma spurte etter eit par månader om når det var vi gjekk over frå å synga neste sang til å dra neste låt.

– Du veit eg kom inn med mi erfaring frå Furia og var vant med å tenkje som eit band, ikkje som dirigent. Til å byrja med var vi nok prega mykje av mi musikksmak, men etterkvart så har det jenka seg til, og et føler vi i dag har funne vårt uttrykk som kor. Det er mykje forskjellige folk i eit kor, og det er det som gjer det heile så gøy, at du har mange ulike stemmar og typar å spele på og vi må få alle til å spela saman, smiler Kobbeltvedt.

Kora har blitt meir proffe

Kobbeltvedt er ikkje berre imponerte over sine eige medlemmar i Fonos, men også dei andre kora i Osbygda.

– Det har vore ei veldig utvikling dei siste åra. Vi har alle blitt meir proffe og syner at det å øva auker kvaliteten. Eg trur òg at Oseana med sitt utstyr og knallgode teknikarar har vore med å løfta kora, sjølv om det kostar å nytta dei, så ser ein at produktet blir betre med god lyd, lys og teknikk. Eg hentar mykje inspirasjon ved å høyre dei andre kora sine konsertar.

– Du veit eg kom frå bandverda og var vant til å legga lista høgt og ambisiøst, så det var nok eit sjokk for Fonos å få meg inn. Det musikalske er sjølvsagt i førarsetet, men det må vera ein heilheitstanke bak med produksjon, regi og låtval, understrekar Kobbeltvedt som førebur seg, og koret, til to konsertar i Os kyrkje denne veka.

Gutane gjer jentane mo i knea

Dei to konsertane, 8. og 9. desember er framleis ikkje utseld.

– Mange trur at dei er det, fordi vi har seld så bra tidlegare. Vi har seldt bra no òg, men det er plass til 450 i kyrkja og vi har vel omlag 100 billettar igjen til kvar av dei to konsertane. Dei blir seld på nettet, på Zeller på Amfi Os og i døra, om det framleis er billettar att når konsertane kjem.

– Eg kan lova at det blir bra. Vi har mellom anna aldri hatt ei stå stor gutterekke som vi har no, og dei kan sjarmera. Dei har ei eiga låt som gjer alle damene i koret heilt mo i knea. Då vi song på Luranetunet nettopp, måtte gutane ta låta ein gong til, smiler Kobbeltvedt som lovar god julemusikk og stemning med tradisjonelt Fonos-sound.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.