Leif Idar Røen fann gode signal i Brugata i dag, men det blei nokre meter med kabel å trekkja inn på Hanne's. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Røen reddar ny fotballpub i Os

Opnar laurdag: Den tidlegare fotballformannen har montert parabol i 33 år.

image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Leif Idar Røen, som i 22 år dreiv butikken Lehrmanns i Os sentrum, har halde fram med eige firma som parabolmontør.

– Det er hektisk, i snitt monterer eg fire antenner for dagen, og distriktet er stort. I dag har eg vore på Frekhaug, Hylkje og Kleppestø, fortel Leif Idar.

Arbeidsdagen avslutta han med å redda Hanne's Konditori og Musikkbar sin draum om å supplera kafédrift og livemusikk med sending av fotballkampar.

• Les òg: 40 konsertar på 5 månadar

– Telenor og BKK var vanskelege og kostbare, å få fiber til kafeen var ikkje enkelt. Eg tenkte først at parabol var litt risiko, men dette fiksar Røen, seier Bjørn «Bosse» Sigurjonsson hos Hanne's.

Den tidlegare formannen og seinare dagleg leiar i Os Fotball seier at det nettopp var ei sportssending som blei starten på paraboleventyret i Noreg.

– Eg har vore i TV-bransjen sidan 1981, men det var då Steffen Tangstad skulle boksa mot Michael Spinks i 1986 at salet verkeleg lausna. Den kampen ville alle sjå. Også før fotball-VM i 1994, då NRK gjekk ut i streik, var det ein boom. Då selte eg 30 antenner frå fredag til tysdag.

Superhelg supplert med fotball

Lisensane er teikna for både engelsk fotball og Champions League, og signala frå parabolantenna er i ferd med å bli leia fram til projektor og TV.

– Vi kjem til å senda på både lerret og TV, gjerne to kampar om gangen. Lyd har vi rikeleg av. Eg har òg bestilt 14 meter med markiser, så vi kan fint sitja ute og sjå inn glaset.

Første sending blir førstkomande laurdag. Hanne's har frå før lagt opp til ei superhelg som avslutting på haustferien.

Fredag speler 68 EXPERIENCE musikk frå 60-talet, som Jimi Hendrix, The Beatles og Rolling Stones, laurdag startar med trekkspelduoen Øivind Farmen og Håvard Svendsrud før Verdsmannen Thorbjørnsen tar over.

– Eg er stolt over å ha fått alle desse tre dyktige banda til Os, og spent på heile helga! Folk går glipp av noko om ikkje dei får dette med seg, lover Bosse.

Engelske favorittar

Laurdag tar Liverpool imot Manchester United klokka 13.30.

Bosse er meir opptatt av kven som speler klokka 16.00.

– Vi skal naturlegvis berre visa Leeds-kampar. Eg og Brynjar'n skal sitja her og drikka øl åleine, seier Bosse og ler.

– Neida, vi kan visa nokre av småklubbane òg, elles blir vel Davanger og Engevik gal'n, spøker han vidare om nokre av dei ivrigaste medlemmane i fanklubben «Liverbirds».

– Det eg er opptatt av er at her skal alle føla seg velkomne. Dette er dessutan nytt terreng for oss, og vi tar gladeleg imot innspel.

Leeds på 5. plass tar imot Reading på 20. plass denne laurdagen.

Utvida opningstid

Det nye tilbodet gjer at Hanne's no også kjem til å halda open ein del søndagar.

– Gjestane våre må òg følgja med frå veke til veke, kva kampar vi viser og kva dagar vi utvider opningstida.

Sportsbar-tilbodet forsvann då Solsiden i vår gjekk konkurs. Før Solsiden byrja å senda fotballkampar var Os Biljard og Sportsbar lenge ein viktig samlingsplass.