Sport | 19. aug. 2014

Rømt oppdrettslaks i Oselvo

Fiskarar har tatt over 20 oppdrettslaks sidan fredag. Fisken har truleg rømt frå Hardanger etter stormen Lena.

Rømt oppdrettslaks i Oselvo
Det har gått mykje oppdrettslaks opp Oselvo dei siste dagane. Bilete er tatt tidlegare i sommar då laksen sto nedanfor brua og venta på høgre vannstand (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 19. aug. 2014 09:22

Fiskeriforvatninga antyder at omlag 100 000 laks har rømt frå oppdrettsanlegg i Hardangerfjorden etter at stormen Lena øydela fleire merder. Ole Vidar Søviknes følgjer laksefisket i Oselvo tett gjennom sida prohd.no og har fått rapportar om at eit tjuetals tert (smålaks, journ.mrk) har blitt fanga dei siste dagane.

– Fredag 14. august blei det meldt frå våkne fiskarar om mogleg oppdrettslaks i elva. Alt var liten tert på rundt ein kilo.

– Skjellprøver blei tekne og analysert av Knut Urdal i Rådgivende Biologer, fortel Olav Valle i grunneigarlaget i ei melding.

Rapporten frå Urdal viste at seks av åtte prøver stamma frå oppdrettslaks, akkurat som fiskarane hadde vurdert.

Ikkje kvote

Valle gjer merksam på at det ikkje er kvote på fiske av oppdrettslaksen.

– Det er ikkje kvote på oppdrettsfisk, men slepp då gjerne ut villfisken ut at.

– Alt bør meldast på fangstskjema som før, oppmodar Valle.

Fisken har ei vekt på mellom 0,5 og 1,5 kilo. I følgje Valle melder Rådgivande Biologar at det er "flak" av ville tertar som sig inn mot vestlandskysten no, uvanleg seint for årstida. Fisket i Oselvo går fram til 15. september.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.