Næringsliv | 15. mars 2018

Rørt til tårer over duften av spon

Båtmessa «Sjøen for alle»: Oselvarverkstaden og Askeladden saman på historisk utstilling.

Rørt til tårer over duften av spon
F.v.: Henrik Askvik saman med Berit Osmundsen og Vidar Langeland frå Oselvarverkstaden.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 15. mars 2018 12:17

Bildeserie:

Jon og Nimann Askvik bygde den første Askeladden i plast «Jonny» i 1957.
Jon og Nimann Askvik bygde den første Askeladden i plast «Jonny» i 1957.
No er Jonny utstilt med oselvaren i eigen hall med historiske båtar. (Foto: Vidar Langeland)
No er Jonny utstilt med oselvaren i eigen hall med historiske båtar. (Foto: Vidar Langeland)
1 av 2
Jon og Nimann Askvik bygde den første Askeladden i plast «Jonny» i 1957.
No er Jonny utstilt med oselvaren i eigen hall med historiske båtar. (Foto: Vidar Langeland)

I går opna årets «Sjøen for alle» på Lillestrøm. Nytt av året er ein eigen hall med utstilling som viser høgdepunkt i norsk båthistorikk og båtproduksjon.

Som del av utstillinga er oselvaren og Askeladden sin første plastbåt, «Jonny» frå 1957.

– Det var Askeladden-eigar Henrik Askvik som oppmoda oss å stilla ut. Mens dei har sine nye båtar i nabohallen står vi med oselvaren her ved sidan av Jonny i det dei kallar Sjølyst-utstillinga, seier dagleg leiar ved Oselvarverkstaden, Vidar Langeland.

Sjølyst-utstillinga er laga i samarbeid med Vest-Agder-museet, Oslofjordmuseet og privatpersonar som stiller sjeldne eksemplar til disposisjon.

Oselvaren er ein av få i utstillinga som framleis er i produksjon.

• Les òg: 20 år sidan oselvaren blei redda (desember 2017)

Gir messa ein ny dimensjon

Utstillinga rommar eit breidt utval båtar frå 1950- og 1960-talet som aldri tidlegare har vore samla under same tak. Blant båtane publikum kan sjå er Ancas-jollar frå 1958, Fjordwing frå 1969 og Skibsplast Sportsmann 13 frå 1965.

Frå Oselvarverkstaden stiller Vidar Langeland saman med båtbyggar og fagleg leiar Berit Osmundsen. I ledige stunder driv Berit handarbeid i treverk på standen - og duften av spon utgjer ein ekstra dimensjon til utstillinga.

– Eg er veldig glad for at vi valte å reisa bort her og stilla ut! Oselvaren vi har med oss blei selt allereie på eit arrangement kvelden før opning, og vi har veldig godt besøk på stand.

– Nett no er det ti personar på standen vår. Mange kjem med gode tilbakemeldingar på oselvaren, enkelte seier dei blir rørt til tårer av synet av ein trebåt på messa.

Askeladden sitt DNA

Askeladden stiller naturlegvis ut med nye båtar for sal, i alt 8 modellar har dei med seg, utanom bidraget til den historiske utstillinga.

Henrik J. Askviks Sønner AS produserte båtar frå 1911, og starta med oselvarar. Selskapet var i 1957 blant dei første i Noreg som tok i bruk glasfiber til båtproduksjon, og Henrik sine søner Jon og Nimann Askvik lagde den aller første, som fekk namnet «Jonny».

– Her får publikum sjå Askeladden sitt DNA, sjølve evolusjonen frå oselvaren via Jonny til den ultramoderne Askeladden C83 Cruiser TSI, seier Henrik Askvik.

– Ekstra kjekt er det at oselvaren framleis er i produksjon, og at den er høgt verdsett! Det var strålande at Oselvarverkstaden blei med på båtmessa. Eg trur dei er overraska over all merksemda dei får her borte, og at dei set pris på både samtalane med publikum og den utvidinga du får av nettverk som du får ved å delta på messe og bransjekveld.

Har selt nesten heile 2017-produksjonen

Askvik fortel om ein svært god start på Sjøen for alle, som er open til og med søndag.

– Kvelden før opning var det tid for den sokalla VIP-kvelden, der inviterte gjestar kjem for å sjå utstillinga dagen før opning. Her var det sikkert 30 prosent meir folk enn i fjor.

– Interessa rundt det nye flaggskipet vårt, C83, vil eg nesten kalla ekstrem! Sånn har det vore på alle dei nordiske messene.

• Les òg: Alutec og Askeladden i go'stemning på båtmessa (Sotra, februar 2018)

Askeladden har lagt opp til å produsera 36 eksemplar av C83 i år.

– Til saman, hos alle forhandlarane våre i Norden som har bestilt inn denne båten, er det berre 8 igjen som ikkje er selt.

– Det lover med andre ord bra for 2018, seier Askeladden-eigaren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.