Lokal | 31. okt. 2017

Rosemala båt på permanent utstilling

Denne oselvaren får nytt «naust» i varmare strøk.

Rosemala båt på permanent utstilling
Den rosemåla oselvaren «Osfestaren» skal no bli utstilt i Tropehagen på Luranetunet (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretirsdag 31. okt. 2017 12:19

I samband med Osfest i 2014 fekk festivalen kjøpt og rosemåla ein oselvar i halv størrelse. Båten blei måla med osroser av Torun Rød Farsund.

• Les òg: Ein fin og spesiell idé

– Etter at vi nytta den til å promotera festivalen i 2014, har den stått utstilt ulike plasser, på Oseana, i Oselvarnaustet og i ein barnehage. Der måtte vi flytta den fra og den siste tiden har den stått på eit lager ved ungdomsskulen, fortel Tor Egil Hylland.

Tilgjengeleg for folk flest

Saman med varaordførar Laila Reiertsen (Frp) og Torun Rød Farsund byrja Hylland å snakka om båten då dei tilfeldigvis møttes i samband med opninga av den nye gapahuken ved Knutabruo.

– Intensjonen vår i festivalen har alltid vore at båten, og gitaren som vi også har fått rosemåla av Torun, skal vera tilgjengeleg for osingar flest og ikkje stå bortgøymd på eit lager. Difor er eg veldig glad for at vi no har funne ein ny plass til den, seier Hylland.

I tropisk strøk

Og den nye plassen skal glede både eldre og yngre osingar når den blir plassert i Tropehagen på Luranetunet.

– Luranetunet skal jo bli ein open institusjon og på mange måtar eit opplevelsessenter for bebuarar, pårørande og andre som kjem på vitjing. Difor tok eg kontakt med prosjektleiar Tor Inge Døsen og spurde om ikkje vi kunne finna ein plass til den i Tropehagen, fortel Laila Reiertsen.

Døsen fann plass, og Luranetunet har gitt klarsignal, så snart byrjar båten på siglasen opp på Lurane.

– Eg trur den kan bli eit veldig kjekt innslag der oppe. Det er mange av dei som bur der som hugsar og har eit forhold både til oselvaren og til osrosa og rosemålinga, avslutter Reiertsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.