Lokal | 17. apr. 2015

Rotne lyktestoplar må skiftast

Søvikåsen (Ole Bulls veg) blir stengt delar av tysdag og onsdag neste veke.

Rotne lyktestoplar må skiftast
Ole Bulls veg over Søvikåsen blir stengd mellom 9 og 14 tysdag og onsdag i neste veke (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 17. apr. 2015 11:51

Mellom klokka 9 og 14 tydag og onsdag i kommande veke blir Søvikåsen stengd.

– Grunnen til denne stenginga er at vi skal skifte lysstolpar.

– Det er nokre av dei som er så rotne at dei må byttast ut.

– For å komma til med maskiner og utstyr er vi diverre nøydde til å stenge vegen for trafikk.

– Det er rett og slett for smalt til at bilar kan koma forbi, forklarar Terje Myking, avdelingsleiar på teknisk drift, samferdsle.

Open morgon og kveld

I tidsrommet når vegen er stengd må ein belaga seg på å køyre om Lyse Kloster.

– Vi har vald å gjera jobben over to dagar for å unngå å stenge vegen når det er mest trafikk.

– Den vil vera open om morgonen når folk skal på jobb og om ettermiddagen/kvelden når folk skal heim att, forsikrar Myking.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.