Lokal | 16. mai 2015

Rullar seg i form

Studio figura har opna i Os sentrum.

Rullar seg i form
Anita Nysæter (bak) saman med Inger Helene Brandsdal, som fredag var innom Studio figura for andre gong. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 16. mai 2015 07:16

Bildeserie:

Anita driv Studio fiigura saman med Sissel Mathisen (innfelt).
Anita driv Studio fiigura saman med Sissel Mathisen (innfelt).
Sissel og Anita er nøgd med lokalet. Her har dei bygd ein liten garderobe. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Sissel og Anita er nøgd med lokalet. Her har dei bygd ein liten garderobe. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 2
Anita driv Studio fiigura saman med Sissel Mathisen (innfelt).
Sissel og Anita er nøgd med lokalet. Her har dei bygd ein liten garderobe. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

I lokalet der Ramsvik Frisør heldt til, ved sidan av Nav i Brugata, har eit nytt foretak opna, Studio figura.

– Vi har drive innan helse og kosthald nokre år, men hadde ikkje sett noko liknande då vi blei kjent med Roll Shaper.

– Konseptet er heilt rått, folk elskar desse maskinene, seier Anita Nysæter.

Saman med Sissel Mathisen byr ho på eit program som, ved hjelp av lymfedreneringsmassasje, kan gje deg betre fjerning av avfallsstoff i kroppen, færre cellulittar og strammare figur. Ifølgje eigen brosjyre.

Reiste til Polen

Anita har erfaring med sal av urter, blant anna for «detox». Sissel har drive med cavo lipo.

– Då vi blei kjent med Roll Shaper og Studio figura, som kom til Noreg for to år sidan, reiste vi rett til opphavslandet Polen.

Der blei dei to betre kjent med både utviklarane av maskinene og bruken av det som i heimlandet skal vera veldig populært.

– Det første folk merker er at dei må på do. Og gjerne lit gangsperr. Etter nokre veker byrjar dei å bli strammare rundt midje, overarm og lår. Heile kroppen blir stimulert.

– Viktig stimuli

Denne mekaniske stimulien frå Roll Shaper skal vera viktig, både for dei som trener og, ikkje minst, dei som beveger seg mindre.

– Lymfesystemet har ikkje ei pumpe, slik blodet har, og er avhengig av mekanisk stimuli for å få omlaup. Er du mykje i ro så stoppar det opp, forklarer Anita.

Blei nysgjerrig

Lokalet som Ramsvik hadde var lekkert frå før, men med ny bruk blei det nokre justeringar.

– Vi la nytt golv, så kundane slepp å gå berrføtt på fliser, bygde ein liten garderobe og har prøvd å gjera det litt heimekoseleg her.

– Folk skal ikkje føla at dei er på treningssenter, her skal det vera fred og ro.

Det har vore bra med besøk første opningsveke. Mens Midtsiden fredag var innom tok Inger Helene Brandsdal seg ein runde på maskina.

– Eg blei nysgjerrig, eg trur dette er noko alle treng. Dette blir eit supplement til trening for min del, seier Brandsdal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.