Sport | 01. juli 2015

Rullar ut gras og kunstgras

I går kom kunstgraset til den nye fotballbanen, i dag starta utrullinga av ferdigplen på kast- og fleirbruksfeltet i Os Idrettspark.

Rullar ut gras og kunstgras
Den nye fotballbanen skal, takka vera desse dreneringsmattene, kunna ta imot enorme nedbørsmengder. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 01. juli 2015 08:48

Bildeserie:

I går kom kunstgraset til Kuventræ. (Foto: KVB)
I går kom kunstgraset til Kuventræ. (Foto: KVB)
I dag er dei i gang med å legga ut dreneringsmatter. (Foto: KVB)
I dag er dei i gang med å legga ut dreneringsmatter. (Foto: KVB)
Ti mann er i sving med å rulla ut naturgras på nabotomta. (Foto: KVB)
Ti mann er i sving med å rulla ut naturgras på nabotomta. (Foto: KVB)
1 av 3
I går kom kunstgraset til Kuventræ. (Foto: KVB)
I dag er dei i gang med å legga ut dreneringsmatter. (Foto: KVB)
Ti mann er i sving med å rulla ut naturgras på nabotomta. (Foto: KVB)

Løpebanen er sprøyta raud og den eldste fotballbanen på Kuventræ kan no få nytt dekke, grasbanen frå 1953 blei gravd vekk i vår, no blir det rulla ut kunstgras.

Ifølgje arbeidarane på staden vil det ta rundt 2-3 veker før kunstgrasbanen er ferdig.

Banen blir på 68 x 105 meter og blir den tredje kunstgrasbanen på Kuventræ.

Delvis i bruk

– Løpebanen får kvite striper i neste veke, men er allereie i bruk. Det er også kulekastfeltet og lengdehopp-gropa.

Friidrettsgruppa gler seg stort over anlegget. Les òg: – Det blir ei heilt ny verd

– Men det er viktig at dei som vil bruka løpebanen held seg unna når det pågår arbeid på plassen, seier dagleg leiar i Os Turn, Hans Parnefält.

Naturgras i høgt tempo

På den nyplanerte tomta mot Furulunden skal det koma klubbhus, tribune og kast- og fleirbruksfelt på gras.

– Her har dei i dag ti mann i sving og det går unna. Dei kjem truleg til å bruka berre ein dag eller to på å rulla ut alt graset.

Så skal den store, nye grasmatta få fred i to-tre veker, så den byrjar å gro.

– Dette blir eit kastfelt, men grasmatta kan også brukast til fri leik, frisbee, slåball og anna, seier Parnefält, som gler seg over å sjå Os Idrettspark ta form.

– Dette er noko Tore Moberg med fleire har jobba for i mange år, og som Tor Inge Døsen i Os kommune tok skikkeleg tak i etter at eg byrja å jobba her. Det er nok fleire som i desse dagar ser draumen sin bli realisert.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.