Lokal | 21. mars 2017

Rullestolbrukar påkøyrd i gangfelt

Politiet har tatt beslag i førarkortet til kvinna som køyrde bilen.

Rullestolbrukar påkøyrd i gangfelt
(Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 21. mars 2017 08:10

Måndag klokka 15.17 fekk politiet melding om trafikkulykke i Os sentrum.

– Ein rullestolbrukar blei påkøyrd av ein bil. Vedkomande blei heldigvis ikkje skadd, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Ulykka skjedde i gangfeltet over Hatvikvegen, mellom Esso og Os Taxi.

Sjølv om det ikkje var personskade i ulykka har politiet oppretta sak.

– Årsaka til ulykka er ukjent, førar har truleg vore uoppmerksam.

Politiet har tatt beslag i førarkortet til bilførar, ein kvinneleg pensjonist.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.