Lokal | 04. mars 2017

Rusa mann på stolen moped

Ferjemannskapet fatta mistanke, og venta med å legga til land til politiet sto klar på kaien.

Rusa mann på stolen moped
(Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 04. mars 2017 07:58

Klokka 11.21 fredag fekk politiet melding frå ei av ferjene frå Sandvikvåg.

– Dei hadde ein trafikant om bord som såg rusa ut.

– Dei heldt til og med igjen nokre minutt så vi fekk ein patrulje på plass før dei sleppte passasjerane på land, fortel politibetjent Sindre Hallem.

Førar, ein 26 år gamal mann frå ein annan kommune enn Os, framsto som rusa på andre ting enn alkohol. Han blei tatt med for blodprøvetaking.

– Det blei gjennomført ransaking på adressa hans, og der blei det funne noko narkotika. Mannen blei køyrd via legevakt til arrest.

Mopeden var meldt stolen på Stord. Politiet kontakta eigar som kom til Halhjem og henta den.

Aggressive tiggarar

Klokka 13.15 fekk politiet melding om svært offensive tiggarar i Prestegardsskogen.

– Dei skal nærmast ha hindra folk i å lukka dørene på bilane sine.

Ein patrulje rykte ut og leita etter dei to, som var skildra som rumenske kvinner, både på Amfisenteret og i nabobutikkane.

– Det er straffbart med aggressiv tigging, så det var heilt rett å varsla oss. Hadde vi funne dei så ville dei blitt meldt, og då kunne dei risikert å bli utvist frå landet.

Følgde med i trafikken i natt

Politiet fortel om ei elles roleg natt. Dei fekk melding om ein gjest på Solsiden som var vanskeleg, men denne episoden er det ikkje fleire notatar på.

– Det har vore mykje patruljering i natt, og stykkvis kontroll av ganske mange køyretøy.

– Heldigvis hadde alle kontrollerte alt i orden i natt, seier Hallem.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.