Lokal | 26. mars 2015

Rusa mann utan førarkort

Politiet stoppa ein ung bilist i Os sentrum onsdag kveld.

Rusa mann utan førarkort
(Ill. foto: KVB)
Kari M. Lyssandtorsdag 26. mars 2015 08:22

I 22-tida onsdag kveld blei ein mann i 20-åra stoppa av politiet i Os sentrum.

– Vi mistenkte at han kjørte i rusa tilstand, og mannen har heller ikkje gyldig førarkort, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Det førte til ransaking av mannen og heimen hans.

– Det resulterte i beslag av mindre mengder narkotika.

Mannen blei sleppt fri etter avhøyr, men er meldt for forholda.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.