Lokal | 29. sep. 2014

Ruteknusing og husbråk

Både natt til søndag og søndag formiddag var politiet ute på husbråk, søndag ettermiddag kom melding om hærverk på Kyrkjetunet.

Ruteknusing og husbråk
Ruta i ei dør på Kyrkjetunet blei i helga knust, men det ser ikkje ut til å ha vore forsøk på innbrot. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 29. sep. 2014 07:46

Søndag klokka 17.30 blei det oppdaga at ruta på ei dør på Kyrkjetunet var knust.

– Dette blir ikkje oppfatta som eit innbrotsforsøk, men som hærverk, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Det er førebels ingen mistenkte i saka og politiet ber om tips.

Knuste inventar - hamna i arresten

Mens politiet var på legevakt med ein som var skadd etter slåsting ved Essoen fekk dei i 4-tida melding om husbråk.

– Ein mann som krangla med kjærasten var aggressiv og hadde knust ein del inventar i eigen bustad.

Mannen, som ikkje skal vera mistenkt for å ha vore fysisk med sambuaren, blei tatt med til overnatting i arresten i Bergen.

Gjestar som ikkje ville heim

Søndag klokka 12.30 var det på tide å få gjestane heim, meinte ein mann som ringte politiet.

Han hadde to personar i huset som nekta å gå.

– Han fekk assistanse av oss til å få dei ut av huset. Partane kjenner kvarandre og forholdet blir neppe meldt.

Hets på Halhjem

Laurdag i 21-22-tida blei politiet kontakta etter at nokon kasta stein på nokre hus i eit nabolag på Halhjem.

– Patruljen rykte ut og møtte ein ungdomsgjeng. Det er uvisst om det er dei som har stått bak, men vi fekk oss ein liten prat med dei.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.