Frå i dag er trafikken i Idrettsvegen sendt over på ny veg, utanfor tomta der hallen skal byggast. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Ryddar klart for byggestart av dobbelhall

Ny fleirbrukshall på Kuventræ: I dag blei trafikken flytta, om to veker kan grunnarbeidet vera i gang.

image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Os kommune skal bygga ny dobbel fleirebrukshall på Kuventræ, med parkering i underetasje og til saman over 6000 kvadratmeter over tre etasjar. Hallen skal byggast inntil eksisterande Oshallen og Osbadet.

• Les òg: Løyvde 11 mill ekstra til ny hall

Dobbelhallen skal byggast på det som i dag er parkeringsplassen framfor Osbadet. Haugen med naturtomt, som ligg mellom parkeringsplassen og inngangen til Osbadet, skal vekk. Ny hovudinngang blir der solarium og parkering for elbil er i dag.

Før grunnarbeidet på tomta startar må både trafikken over på nybygd veg, ny snuplass for bussar og ny innkøyrsle til parkeringsplassen ved klubbhuset og friidrettsanlegget vera klart.

– Vil stå ferdig innan to veker

I dag blei dagens veg forbi Osbadet og Oshallen stengt og trafikken blir leia overpå ny veg som Botnevik Samdrift har bygd på tomta Botnevik har selt til Os kommune for å gje plass til heile fleirebrukshallen.

– I dag eller i morgon startar Botnevik på snuplassen og den nye innkøyringa til parkeringsplassen oppe ved fotballbanane, fortel prosjektleiar Ole Håkon Sælen frå Os kommune.

– Når dette er ferdig skal det byggast fortau på ny veg. Dette fortauet blir med grus, av praktiske årsaker ventar vi med asfaltering til grunnarbeidet til den nye hallen er ferdig - elles ville vi nok ha måtta asfaltert to gongar.

Consto vil bygga i skuleferien

I desember 2016 blei det klart at det er Consto Bergen AS som vann anbodsrunden og skal bygga hallen. Det er òg Consto som bygger nye Luranetunet, som skal stå ferdig til jul.

• Les òg: Nye Lurane og tropehagen sett frå lufta

– Vi står klare og håper på byggestart så snart som mogleg. Målet er å få tatt grunnarbeidet i skuleferien, når aktiviteten på Kuventræ er lågare enn elles, seier Rune Vonheim hos Consto.

Os kommune ventar på tilbakemelding frå kulturdepartementet på søknad om tippemidlar. Denne blei sendt for to-tre veker sidan, med ønskje om ekspressbehandling.

– Vanlegvis går det to månadar før du får svar. Vi treng nok ikkje godkjenning for å gå i gang, om vi får ei tilbakemelding med punkt som vi skal retta på så er det venta å vera detaljar innvendig, ting som ikkje får konsekvensar for dei første vekene av grunnarbeidet eller byggeprosessen, seier Sælen.

Ferdig til sommaren 2018

Byggestart kan bli tidlegast om to-tre veker. Rammeløyve frå Os kommune er det venta at Consto kan få rimeleg raskt. Då kommunen løyvde 11 millionar ekstra kom det klage på anbodsrunden frå firma som ikkje nådde heilt opp. Denne saka er ikkje avklart, men vil heller ikkje seinka prosjektet. Det er uansett Consto som skal bygga hallen.

– Det første vi tar er sprenging av haugen som skal vekk, så blir det gravearbeid til parkeringskjellaren, fortel Vonheim.

I krysset der du svinger inn mot skulen skal dei grava rundt 1,5 meter ned, lengre oppe på plassen er det litt høgare og dermed meir masse å fjerna.

– Mens vi er i området, og når vi får tilgang på desse massane, vil vi bruka dei til å utbetra parkeringsplassen til gravlunden på Kuventræ, kanskje vi også får utvida den litt, seier Sælen.

Den doble fleirbrukshallen er venta å stå ferdig neste sommar, kanskje allereie i månadsskiftet juni-juli, og seinast i god tid før skulestart i august 2018.

Fleire saker

bilde-midtsiden

– Det kryr av talent her

28. juni 2017

Bildeserie: – Og det dukker stadig opp nye, seier friidrettsnestor Jan Borgen om årets friidrettsskule på Kuventræ.

bilde-midtsiden

Brann i takkonstruksjon

28. juni 2017

Brannvesenet rykte ut på melding om brann i takkonstruksjon på eit nybygg i Storestraumen.

bilde-midtsiden

Kva skal OBEAS driva med?

28. juni 2017

Generalforsamling i Os bygg og Eigedom AS. Formannskapet etterlyste tydeleg strategi for selskapet.

bilde-midtsiden

Speler finale i Sør Cup

28. juni 2017

Lysekloster/Nore Neset stiller med fem lag i Sør Cup. Gutar 14 speler B-finale i dag.

bilde-midtsiden

No kan du velja sjølv!

28. juni 2017

Lesarinnlegg: Alle pasientar som har rett til rehabilitering, kan no frå 1.juli velja fritt mellom offentlige og private...

bilde-midtsiden

Lager opningsfest for takterrassen

27. juni 2017

Takterrassen på Torget har fått eige namn. Med levande musikk, sjømatbuffet og nyutdanna barsjef blir det offisiell opning til helga.