Lokal | 19. mai 2017

Ryddar Os for båtvrak

I går blei jolla som har lagt i Os hamn sidan påske løfta på land. To andre båtar står for tur.

Ryddar Os for båtvrak
I går blei den «haispiste» jolla som har lagt ein månad i Os hamn fjerna frå gjestebrygga og løfta på land, (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 19. mai 2017 10:09

For fire veker sidan etterlyste brannvesenet, som har ansvar for Os hamn, eigaren av ei øydelagt jolle som hadde lagt fortøydd i gjestebrygga sidan påske.

– Vi fekk nokre tips om adressa til eigar, men ingen svarer på telefonane som står oppførte på denne adressa, fortel Gitle Smaadal frå Os brannvesen.

Grunneigar Os kommune, ved teknisk eining, fekk i går løfta jolla på land.

– No er den lagra saman med to andre, større båtar, som vi løfta opp tidlegare år.

Kan bli destruert

Det har vore utfordrande og kostbart for Os kommune både å kommunisera med eigarane av nokre av båtane som har lagt lenge til kai i Os hamn, og å få rydda dei vekk på ein lovleg måte.

– Før båtane kan destruerast må kommunen ha eigarskap til desse. Det er det ein endå lengre prosess, men den er starta.

– Vi ventar òg på formulering av den komande vrakpantordninga, kanskje denne kan bli til hjelp for både oss og andre.

Hentar nok ein båt i neste veke

To andre båtar står på lista til Os kommune, éin som ligger under vatn nær Moldegård og éin som ligger under vatn i Askvik.

Den ved Moldakaien skal hentast på land i neste veke.

Framleis slit med «Seibuen»

Skøyta «Seibuen», som tidlegare låg lenge til kai i Os hamn, har i heile vinter vore til heft på Halhjem.

Fleire gongar har det kome varsel om at skuta har vore i ferd med å gå ned, og brannvesenet har sett seg nøydd til å lensa båten med jamne mellomrom.

– Vi var ute og lensa båten seinast i dag.

– Her er det Statens vegvesen som er grunneigar, og dei er i gang med ein prosess for å få båten fjerna, opplyser Smaadal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.