Lokal | 23. apr. 2014

Ryddig russetid

Godt samarbeid med politiet og klare retningslinjer vil gje ei fantastisk russetid, trur russepresidentane. I morgon er det dåp.

Ryddig russetid
Russepresidentane Ronja Skaathun (Os Gymnas) og Madeleine Berge Midtseter (Os vgs) har lagt ei tid med hektiske førebuingar bak seg og er klare for russetida (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 23. apr. 2014 12:31

Etter fleire år med venting er russetida endeleg her for vel 100 russ ved Os Gymnas og Os vidaregåande skule.

Torsdag startar feiringa av 13-års nesten endt skulegang med russedåp i Sigurdsvika.

– Vi trur det skal bli ei fantastisk tid.

– Elevane ved gymnaset og vidaregåande er ein samansveisa gjeng, så dette kjem til å bli utruleg kjekt, stråler dei to russepresidentane Ronja Skaathun (Os Gymnas) og Madeleine Berge Midtseter.

Dei to kveldane presidentane ser mest fram til er dåpen og 16. mai.

– Eg var sjåfør på 16. mai i fjor og berre gledde meg til det blei min tur, smiler Ronja Skaathun.

Skryt av politiet

Det skulle ein kanskje ikkje tru, men dei to russepresidentane kjem uoppfordra med skryt av politiet i Os.

– Vi har hatt ein utruleg god og fin dialog med Anne Lyssand på lensmannskontoret.

– Ho har fått lister frå oss med oversikt over dei forskjellige bilane og kven som er med på dei.

– Samstundes har vi fått lovnad om at vi kan få lov til å samlast i Sigrudsvika og på parkeringsplassen i Ervikane, på vilkår, at vi rydder skikkeleg opp etter oss.

Med bossposar i bilane

At russen tek ansvaret på alvor er det liten tvil om. Tryggleik og det å ta vare på kvarandre står i høgsete.

Om noko skjer har dei politiet på hurtigtast.

– Vi har snakka om kva som er greitt og ikkje. Fyllekøyring er for eksempel heilt uakseptabelt.

– I tillegg skal vi rydda opp etter oss. Alle bilane vil vera utstyrt med bossposar.

– Eg har til og med fått installert to fôrtønner til å ha posene i på bilen eg er med på. Dei andre rynka litt på nasa, men slik blir det berre, fortel Madeleine Berge Midtseter.

– Det er ikkje berre vi i styrene som skal rydda. Vi kjem til å fordela ansvaret på dei forskjellige bilane og gruppene. Dette er eit felles ansvar.

– Om vi ikkje klarer å rydde etter oss, så øydelegg vi berre for oss sjølv og dei som kjem etter oss, skyt Skaathun inn.

Ikkje for Bergensrussen

Sjølv om dei gjerne kjem til å festa noko saman med russen frå Bergen, så er dei klare på éin ting.

– Dei to plassene vi har fått lov å nytta av politet er for russen frå Os og Fusa.

– Ein regel vi har sett er at Bergensrussen ikkje får lov å koma. Det er ikkje plass til dei, og ikkje vil vil klara å halde same kontrollen.

– Det er litt synd, men slik må det berre bli.

Sjå opp for "laserkontroll"

Ein kan få inntrykk av at det er eit særs ordentlig russekull vi har med å gjera denne våren, men dei to presidentane lover at dei nok skal klara å ta seg ut.

– Vi skal nok klare å laga liv og røre som vil bli merka.

– Russeknutene er dei same som Bergensrussen nyttar, så det blir nok frukost i rundkøyring og laserkontroll i 30-sona.

– I tillegg har vi jo det vi i år har kalla politiveka. Tidlegare blei den kalt terrorveka. Då skal ingen føla seg trygga, åtvarar dei to med eit smil.

800 på rebusløp

Nokre av planene for russetida er allereie lagt. Etter dåpen torsdag er det klart for russeslepp i Bergen på fredag.

– Det heile startar i Grieghallen med ei samling i regi av Norsk Luftambulanse. Deretter er det rebusløp kor det er 800 påmeldte. Det blir utruleg kult.

– Den store innviingsfesten er på Bergen Travpark fredag kveld, men eg trur ikkje så mange av Osrussen kjem til å vera med der, for då må ein ha Bergenspasset til 800 kroner.

– Vi kjem nok heller til å samlast i Sigurdsvika etter rebusløpet, seier Skaathun.

– Resten av russetida tar vi litt på sparket. Det blir sikkert grilling om vêret er fint, og så blir det sjølvsagt til at vi rullar litt rundt, supplerar Midtseter.

– Kor mykje pengar trur de det kjem til å gå med i løpet av dei tre vekene russetida varar då?

Dei to ser på kvarandre og byrjar rekna etter.

– 7500 til bil, 3500 på klede. Då er vi på 11 000 kroner.

– Det kjem vel til å gå med litt over 20 000 kroner når alt blir tatt med. Det er mykje pengar, men vi er glad vi bur i Os og ikkje i Oslo.

– Her er ikkje presset det same som vi høyrer om i Oslo, kor dei har russebussar til tre millionar, avsluttar dei to russepresidentane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.