Lokal | 09. apr. 2018

Rykkel forlet Osbadet

Jon Sivert Rykkel gir seg i Osbadet for å bli næringskonsulent i Os kommune.

Rykkel forlet Osbadet
Jon Sivert Rykkel sluttar som marknadsansvarleg i Osbadet for å bli næringskonsulent i Os kommune (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 09. apr. 2018 13:17

I samband med budsjettet for 2018 ønskja kommunestyret å styrke næringsarbeidet i kommunen ytterlegare, ved å gje næringssjef Daniel Skotheim ein næringskonsulent.

Rett før påske fekk Jon Sivert Rykkel tilbod om stillinga.

– Det var ei så spennande stilling at eg måtte berre søkje då den blei utlyst. Kommunen har dei siste par åra gjort ein god næringssatsing og næringssjef Daniel Skotheim har gjort ein formidabel jobb med mange spennande prosjekt. Denne satsinga hadde eg lyst til å vera med på, fortel Rykkel.

– Gjennom mi rolle som politikar har eg lært å kjenne både rådmann Christian F. Fotland i Os og rådmann Nils-Petter Borge i Fusa som offensive karer, som saman med resten av kommunane er framoverlente og offensive. Det å få lov til å vera med å skape noko bra på næringssida gler eg meg til.

– Det blir gøy å vera med på å samkøyre satsingane innan næring i ein attraktiv Bjørnafjorden kommune.

Søkjer fritak frå politikken

Som politikar kunne han risikert å møte seg sjølv i døra som administrativt tilsett næringskonsulent.

– Eg kjem difor til å søkje fritak for alle politiske verv. Truleg kjem den søknaden opp i kommunestyret i mai, så blir det opp til dei andre politikarane å ta avgjerda. Av naturlege grunner kjem eg til å vera inhabil når det skal diskuterast, seier Rykkel med eit smil.

11 år i Osbadet

Rykkel tar til i den nye stillinga 1. august.

– Då får vi landa dei fleste av dei store tinga vi held på med i Osbadet i dag. Då skal den nye dobbelthallen vera ferdig og vi skal ha fått på plass det meste av resten av infrastrukturen rundt Kuventræ Idrettspark. Det kan vera eit godt tidspunkt ein ny å ta over oppgåvene eg har her i dag, seier Rykkel, som i halvannan år har vore marknadsansvarleg i Osbadet.

– Men du har vore i Osbadet lengre enn det?

– Ja, det har blitt 11 år til saman. Det byrja som ekstrahjelp og deltid, før eg kom hit i full stilling etter å ha vore lærar nokre år etter at eg var ferdig med studiane. Etter at eg kom tilbake har eg fått vera med å starte både AFO og andre av dei tilbuda vi i dag har, avsluttar Rykkel før han må inn i badet som badevakt.

Stor interesse

Næringssjef Daniel Skotheim er glad for å få med seg Rykkel på laget.

– Det var stor interresse for stillinga. Vi hadde omlag førti søkarar. Jon Sivert er ein kjempespennande kar som gjorde eit godt inntrykk på intervjua.

– Eg ser det som eit kompliment at han no vel å gå over frå den andre sida (politikken, journ.mrk) for å jobba med oss i administrasjonen.

– Han har eit godt nettverk både i Os og Fusa og kjenner kommunane og korleis det offentlege fungerer godt. Eg trur han kjem til å tilføra noko spennande på næringssida og er veldig nøgd med å få han på laget, seier Skotheim.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.