Lokal | 20. juni 2014

Rykkel utan respekt for demokratiet?

Leserinnlegg: Os Fremskrittsparti reagerer sterkt på Rykkels bruk av Twitter-meldingar under møtet, og den manglande respekt han viser overfor kollegaer og kommunestyret.

Rykkel utan respekt for demokratiet?
Faksimilar av Twitter-meldingar frå ordførarkandidat Jon Sivert Rykkel (V) under møte i Os kommunestyre 17.06.14.
Andris Hamrefredag 20. juni 2014 13:59

Med brask og bram vart Jon Sivert Rykkel (V) tidlegare i år lansert som ordførarkandidat for Os Venstre. Etter kommunestyremøte sist tysdag må vi stilla spørsmål om Rykkel er moden for oppgåva?

Gjennom fleire Twitter-meldingar som han sende ut under kommunestyremøtet viser han totalt manglande respekt for lokaldemokratiet, kommunestyret og medrepresentantar i kollegiet.

Verst går det ut over varaordførar Marie Bruarøy, som Rykkel omtalte slik; ”Når Marie Bruarøy går på talarstolen da spiller eg spill på telefonen”. Er dette å vise respekt for politiske kollegaer, og kva er det Rykkel eigentleg meiner? Er ikkje vararordføraren verdt å lytta til? Og kva trur Rykkel at Marie Bruarøy tenkjer om å få ein slik kommentar lagt ut på nettet frå ein kollega i kommunestyret?

Rykkel syner også manglande respekt for kommunestyret og forsvarlig saksbehandling; ”Med meg som ordfører er det møte til maks kl 21. Kortere viss der er fotball (evt. Håndballkamp” og ”og så er det VM på TV. Ikkje bra dette.”

Meiner Rykkel at kommunestyret skal avslutte saksbehandlinga fordi det er fotball-VM? Er ikkje sakene i kommunens øvste folkevalgte orgen viktigare enn fotball- eller handball på TV? Og meiner Rykkel at debatten på tysdag skulle vært avskåre tidlegare fordi han heller ville sett fotball-VM?

Reglementet for Os kommunestyre seier klårt at møta normalt skal være avlutta innan kl 2200, og det vart møte sist tysdag.

Os Fremskrittsparti reagerer sterkt på Rykkels bruk av Twitter-meldingar under møtet, og den manglande respekt han viser overfor kollegaer og kommunestyret. Slik kan ikkje ein seriøs ordførarkandidat opptre.

Gustav Bahus og Espen Aspenes
Os Fremskrittsparti

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.