Sport | 08. okt. 2016

Rykker truleg ned

2. divisjonseventyret for Lysekloster er truleg over etter 0-1-tap for Vard Haugesund.

Rykker truleg ned
Lysekloster fekk seg ein tidleg nesestyvar mot Vard Haugesund og klarte aldri å utligne (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 08. okt. 2016 15:53

For å halda liv i håpet om å halde seg i 2. divisjon måtte Lysekloster ta poeng då dei tok imot Vard Haugesund heime på Edne laurdag ettermiddag.

Lysekloster låg før kampen to poeng bak Fana og tre poeng bak Vålerenga 2 over streken.

Med 2-1-siger til Fana over Egersunds er det no heile fem poeng opp og berre to kampar igjen. Vålerenga 2 tek imot Fyllingsdalen, som ligg to poeng bak Lysekloster, søndag ettermiddag. Det er nok berre ein særs teoretisk moglegheit for at Lysekloster no held plassen i 2. divisjon.

Lysekloster - Vard Haugesund 0-1 (0-1)
Lysekloster sitt lag: Chris Sunde Midtun, Gojko Ivkovic, Ola Sjømæling, Denis Ljubovic, Aleksander Andersen (Sindre Flaa), Espen Birkeland, Hans-Christian Nysæther, Martin Røttingen Eidsvik (Joshua Pritchard), Ståle Steen Sæthre, Thomas Helland (Christer Olsen), Sebastian Holmqvist.

Sjå tabellen

Lysekloster starta kampen bra og var hissige frampå dei første fem minutta, men utover i omgangen tok gjestane frå Haugesund meir og meir over.

Etter 31 minutt smell Andreas Ulland Andersen til med eit kanonskot, som strengt tatt Chris Sunde Midtun i Lysekloster-målet burde tatt. Andersen burde òg fått meir press frå Lysekloster-forsvaret.

– No er eg skuffa. Vi slepp inn eit forferdeleg mål, så vi må jaga mykje, oppsummerte Lyseklostertenar Thomas Sandal etter kampen.

Tok over

Det var tydeleg at han hadde gitt guttane nokre klare beskjedar i pausen, for det var eit heilt anna Lysekloster-lag som entra banen i andre omgang.

Lysekloster køyrde kampen, men blei for upresise på nest siste-pasningen.

– Vi har ballen heile vegen, men vi skaper ikkje mykje. Vi flyttar opp folk, men vi er ikkje gode nok på siste tredjedelen for tiden, sa Sandal til Midtsiden si direktesending på Facebook rett etter kampen. Sjå heile intervjuet her.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.