Lokal | 20. mars 2018

Sa ja til Hordfast-aksjar

Høgre og Frp seier ja til kjøp av aksjar i Hordfast AS. – Vi trur det er klokt å sitta rundt bordet, sa Marie Bruarøy (H).

Sa ja til Hordfast-aksjar
Posisjonen med Frp og Høgre gjekk inn for kjøp av aksjar i Hordfast AS (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 20. mars 2018 13:38

Ikkje uventa delte formannskapet seg etter dei tradisjonelle linene då spørsmålet om Os kommune skal kjøpa aksjer i Hordfast AS kom opp tysdag ettermiddag. Posisjonen med H/Frp gjekk inn for det, medan opposisjonen med Ap/MDG og V gjekk i mot.

Les óg: Tilrår kjøp av Hordfast-aksjar

– Dette er eg skeptisk til, både fordi eg er ueinig i sak, men óg fordi er eg usikker på jobben Hordfast AS har gjort så langt og korleis dei fremstår. Eg tykkjer ikkje det er noko som gangnar kommunen å vera med på. Kvar gang dei presenterer nye løysingar for Hordfast så ser det verre og verre ut, argumenterte Jon Sivert Rykkel (V).

– Kun eit lobbyselskap

Han fekk støtte frå Nils-Anders Nøttseter (MDG) og Helge Steinum (AP).

– Dette er eit reint lobbyselskap som jobbar for å få fram Hordfast for nær sagt ein kvar pris. Eller kanskje ikkje for ein kvar pris, dei jobbar tross alt for å redusera kostnaden. Det er oljeselskapa på Stord og Sotra som står bak for å ta ivare sine eigne interesser. Dette selskapet har inga anna mynde enn å prøve å påverka. Skal vi vurdere å gå inn her, så burde vi vurdert å gå inn i Hordalandsdiagonalen óg.

– Så er det dette med bompengar før brua kjem. Vi vil neppe få refusjon for bompengane som blir betalt inn om brua likevel ikkje kjem. Sist det var snakk om å utvida bompengeinnkreving på ferjene i 2014 sa fylkesleiar og dåverande formannskapsmedlem frå Frp, Gustav Bahus, at det var naturleg å seie nei. Det er interessant å observera at Frp har snudd så mykje i høve bompengar, kommenterte Nøttseter, før Steinum supplerte med at dei har sagt nei til bru og derfor heller ikkje vil støtta framlegget.

Ønskjer å påvirka

Både Ståle Skaatun (H), Espen Aspenes (Frp) og Marie Bruarøy (H) argumenterte for at ein ved å gå inn i selskapet så kunne ein vera med å påvirka.

– Vi ønskjer midtre trasé. Politikk er å prioritera og å påvirka. Vi meiner det er betre å vera i nærleiken av der beslutningane blir tatt og å påvirka, enn å stå på utsida.

– Det er soleklart at vegen blir gjennomført. Både KVU og KS1 er gjennomført og ein har fått betydelege kostnadsreduksjonar. Berre KS2 står att.

– Om det skulle bli ein realitet at vegen ikkje blir gjennomført, så får ein ikkje att dei førehandsbetalte bompengene. Det er no slik verda fungerer, men dei vil gå inn i andre samferdselstiltak. Det er ein del av gamet og pengane blir i sektoren, så kan det vera ulik farge på om ein liker det eller ikkje, kommenterte Aspenes.

– Hordfast er eit vanskeleg tema. Vi har ein skjergard i Os som vi ønskjer å skjerma i størst mogleg grad og det kjem ei høyringssak i neste kommunestyremøte. Eg har alltid syntes at det er vanskeleg og har aldri fronta indre eller midtre trasé, men samstundes skal vi hugsa at dette er berre eit lite stykkje på heile den ferjefrie kyststamvegen.

– Vi gjekk inn i bompengeselskapet då vegen mellom Os og Bergen skulle realiserast for å vera med å påvirka der vi kunne vera med å påvirka. Slik er det i denne saka óg. Eg trur det er klokt å sitta rundt bordet. Nokon meiner heilt sikker at det er tullete av oss, men vi må vera der og påvirka det vi kan, argumenterte Bruarøy før fleirtalet innstilte til kommunestyret å kjøpa aksjane i selskapet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.